Hopp til innhald

  1. Home
  2. SamfunnsfagChevronRight
  3. Politikk og demokratiChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Politikk og demokrati

«Politikk er å vilje.» Slik formulerte den svenske politikaren og seinare statsministeren Olof Palme det på partilandsmøtet til sosialdemokratane i Sverige i 1964. Palme blei ein respektert politikar både i Sverige og internasjonalt, men betalte ein høg pris. I 1986 blei han skoten og drepen, og drapet er aldri blitt oppklart. Var det politisk motivert? Kanskje får vi aldri vite svaret.

Vadsø kommunes administrasjonsbygning. Foto.

Ordet politikk kjem frå gresk politikos, «det som gjeld byen/staten». Politikk handlar om fordeling av gode og byrder i eit samfunn.

Her skal vi sjå nærmare på korleis Noreg blir styrt, og kva som påverkar politiske endringsprosessar. Kven har røysterett? Kvifor har ulike parti ulike svar på dei felles oppgåvene vi har i storsamfunnet? Kva for interesser er i konflikt med kvarandre? Oljeutvinning, fiskerinæring og turisme på same staden er døme på kryssande interesser, der ikkje alle aktørar kan få oppfylt ønska sine.

Vi skal òg sjå på dei rettane og pliktene vi har i storsamfunnet. Kva kan vi vente oss av det offentlege, og kva kan samfunnet krevje av oss? Akkurat no går du på skulen. Skulen blir betalt av det offentlege, som igjen hentar utgiftene til skuledrifta frå skattar og avgifter. Kva er grunnen til at staten vil satse på akkurat di utdanning?

Gjennom media høyrer vi ofte at Noreg er det beste landet i verda å leve i, og at vi har den høgste levestandarden i verda. Kva inneber det for deg? Skal vi dele noko av dette med flyktningar og andre som ikkje har det så bra? Har vi trass i dette fattigdom også i Noreg i dag? I denne delen skal vi òg sjå på levestandard og livskvalitet.

Er den norske samfunnsmodellen berekraftig? Og korleis utnyttar vi ressursane våre? Driv vi fiskeria slik at fisken kan reprodusere seg? Tek vi ut tømmer frå skogen på ein måte som gjer at han greier å hente seg inn att? Satsar vi for einsidig på utvinning av olje og gass? Kva med bruken av fornybare ressursar?

Til slutt ser vi nærmare på levekår generelt, over heile verda. Dei første menneskerettane blei formulerte i den amerikanske sjølvstendeerklæringa i 1776 og under den franske revolusjonen i 1789. I 1948 lanserte FN «Verdserklæringa om menneskerettane», som skulle gjelde for alle menneske, uavhengig av rase, kjønn, religionstilhøyrsel eller kva land dei kjem frå. Finn denne erklæringa og les henne!

Emner

Politikk og demokrati

  • Valstoff på NDLA

    Vi har organisert ein del ressursar om stortingsval i ei pakke, slik at dei lettare kan nyttast i opplæringa i samfunnsfag.

  • Politikk er påverknad

    Det er vi som bur i landet, som skaper politikk gjennom det engasjementet vi viser. Vi har fleire kanalar for slik politisk innverknad.

  • Det demokratiske systemet i Noreg

    I Noreg har vi demokrati og ytringsfridom. Du kan meine kva du vil, og du kan fortelje om det heilt ope. På den måten kan du vere med og påverke korleis landet skal styrast, i stort og smått.

  • Velferd og levekår

    I den norske velferdsstaten tek vi vare på innbyggjarane, slik at alle er sikra eit minimum av levestandard, uavhengig av eiga eller foreldra si inntekt