Hopp til innhald

  1. Home
  2. Praktisk matematikkChevronRight
  3. FunksjonarChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Funksjonar

Funksjonar beskriv samanhengen mellom to storleikar.

Grafen til funksjonen T av x er lik 0,005 x i tredje pluss 0,12 x i andre minus 2 er teikna i eit koordinatsystem der x-aksen går frå 0 til 26 og y-aksen går frå minus 2 til 9. Tittelen på x-aksen er x timar etter midnatt. Tittelen på y-aksen er T av x temperatur i grader C. På grafen er toppunktet C med koordinatane 16 og 8,42 markert. Linja y er lik 6 er også teikna inn og dei to skjæringspunkta mellom linja og grafen til T av x. Det eine skjæringspunktet A har koordinatane 11,17 og 6, mens det andre, B, har koordinatane 20 og 6. Skjermutklipp.
Graf som viser temperaturen gjennom eit døgn

Temperaturen du måler utanfor kjøkkenvindauget om morgonen er vanlegvis lavare enn den du måler på ettermiddagen. Temperaturen avheng av kva tid på døgnet du måler han. Vi seier at temperaturen er ein funksjon av tid på døgnet.

Emne

Funksjonar

  • Meir om funksjonsomgrepet og korleis du kan oversetje mellom ulike representasjonar av funksjonar.

  • Lineære funksjonar har grafar som er rette linjer. Du kan finne stigingstal, nullpunkt og skjeringspunkt med og utan digitale verktøy.

  • Vi ser på funksjonar som ikkje er lineære, som polynomsfunksjonar, rasjonale funksjonar, potensfunksjonar og eksponentialfunksjonar.

Læringsressursar

Funksjonar