Hopp til innhald

  1. Home
  2. Praktisk matematikkChevronRight
  3. Tal og algebraChevronRight
  4. TalrekningChevronRight
  5. ForholdChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Forhold

Oppgåvene nedanfor kan løysast med digitale hjelpemiddel.

5.1

Eit kart har målestokken 1:100 000.

a) Kor mange meter svarar 1 cm på kartet til i røyndomen?

vis fasit

1 cm på kartet svarar til  1 cm·100 000=100 000 cm=1 000 m i røyndomen.

b) Kor mange km er 8 cm på kartet i røyndomen?

vis fasit

8 cm på kartet svarar til  8 cm·100 000=800 000 cm=8 000 m=8 km i røyndomen.

5.2

Ei husteikning har målestokk 1:50.

a) Kor mange meter svarar 5 cm på teikninga til i røyndomen?

vis fasit

5 cm på teikninga svarar til  5 cm·50=250 cm=2,50 m i røyndomen.

b) Kor mange cm på teikninga er 10 meter i røyndomen?

vis fasit

10 meter i røyndomen svarar til  10 m50=1000 cm50=20 cm på teikninga.

5.3

Ein euro kostar 7,279 norske kroner.

Valuta

a) Kor mange euro får du for 500 norske kroner (NOK)?

vis fasit

For 500 NOK får du  5007,279 euro68,7 euro.

b) Kor mange kroner (NOK) får du for 75 euro?

vis fasit

For 75 euro får du  75·7,279 kroner555 kroner.

5.4

Hundre svenske kroner (SEK) kostar 84,9 norske kroner (NOK).

a) Kor mange SEK får du for 500 NOK?

vis fasit

1 SEK vil koste 0,849 kroner.

For 500 NOK får du  500 SEK0,849589 SEK.

b) Kor mange NOK får du for 450 SEK?

vis fasit

For 450 SEK får du  450 SEK·0,849382 NOK.

5.5

Saftflasker

Vi skal blande saft og vatn. På saftflaska står det oppgitt at blandingsforholdet er 1:4. Det vil seie at for kvar del rein saft skal vi ha 4 delar vatn.

Kor mykje rein saft treng vi for å lage 2 L saftblanding?

vis fasit

Vi har 5 delar i alt, 1 del rein saft og 4 delar vatn. Vi går "vegen om ein" og finn kor mye 1 del er.

2 L5=0,4 L

Det går med  0,4 L=4 dL rein saft for å få ei saftblanding på 2 liter.

5.6

Betong er ei blanding av sand/grus, sement og vatn. Denne blandinga blir herda under tørking og blir hard og sterk.

a) Til ein type betongarbeid får du opplyst at du skal blande sement og sand i forholdet 1:4. Forklar kva det tyder.

vis fasit

Til 1 del sement skal det 4 delar sand. Tar du ei skuffe sement skal denne blandast med 4 skuffer sand.

b) Til ein annan type betongarbeid får du opplyst at du skal blande sement og sand i forholdet 2:7. Forklar kva det tyder.

vis fasit

Til 2 delar sement skal det 7 delar sand.

c) I kva for ei av blandingene i a) og b) blir det brukt mest sement i forhold til sand?

vis fasit

Vi kan samanlikne blandingsforholda 1:4 og 2:7.

Vi finn samnemnar og samanliknar brøkane.

1·74·7=728  og  2·47·4=828  dvs. at i blandingsforholdet 2:7 bruker vi mest sement i forhold til sand.

5.7

I eit kjemiforsøk skal du blande 0,01 liter av eit kjemisk stoff med 0,5 liter vatn.

a) Finn forholdet mellom det kjemiske stoffet og vatn.

vis fasit

Blandingsforholdet blir  0,010,5=150  dvs. 1:50.

b) Kor mange milliliter (mL) kjemisk stoff treng du dersom du skal ha ei ferdig blanding på 2,4 liter?

vis fasit

1 del inneheld 2,4 L510,047 L=47 mL

Det går med 47 mL kjemisk stoff for å få 2,4 L ferdig blanding.

5.8

I eit kommunestyre er det 15 kvinner og 25 menn. Kva er forholdet mellom kvinner og menn i kommunestyret?

vis fasit

1525=35

Forholdet er 3:5.

Hus som støttes opp. Illustrasjon.

5.9

La oss seie at personen på bildet er 5 cm høg, og bygningen på bildet er 10,5 cm. Vi veit at bygningen i røyndomen er 3,80 m høg.

Kor høg er personen i røyndomen?

vis fasit

Forholdet mellom høgdene på bildet og høgdene i røyndomen må vere det same. Vi set den verkelege høgda til personen lik x, passar på at alle lengder er i centimeter og får likninga

x5 = 38010,5x·55=380·510,5x181

Personen er i røyndomen 1 m og 81 cm høg.

Læringsressursar

Talrekning

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter