1. Home
  2. Praktisk matematikkChevronRight
  3. Tal og algebraChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Tal og algebra

Tal er grunnlaget for all matematikk. Algebra blir brukt til å tolke og rekne med formlar som gjeld daglegliv og yrkesliv. Vi bruker algebra til fleire ting, for eksempel til å forenkle uttrykk, løyse likningar og rekne med prosent.

Bannerbilde for emnet tall og algebra i 1P. Bilde.

Hovedområdet tall og algebra handler om å utvikle tallforståelse og innsikt i hvordan tall og tallbehandling inngår i systemer og mønster. Med tall kan man kvantifisere mengder og størrelser. Området tall omfatter både hele tall, brøk, desimaltall og prosent. Algebra i skolen generaliserer tallregning ved at bokstaver eller andre symboler representerer tall. Det gi anledning til å beskrive og analysere mønster og sammenhenger. Algebra benyttes også i forbindelse med hovedområdene geometri og funksjoner. (Udir)

Vi lever i ei verd full av tal! Dei ti enkle symbola 0, 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, og 9 som vi alle lærer tidleg i livet, påverkar kvardagen vår meir enn vi kan førestille oss. Har du nokon gong lurt på korleis livet ville ha vore utan desse ti sifra og dei uendelege andre tala dei kan lage? Bursdagar, alder, tid, datoar, adresser, kredittkortnummer, PIN-kodar, prisar og sportsresultat er berre nokre få døme frå ei uendeleg lang liste over kva vi bruker tala til.

Ei viktig drivkraft i matematikk har vore å løyse praktiske problem. Du vil kanskje vite kor raskt du kan kaste ein ball, men kan du bruke dette talet til å finne ut kor langt du kan kaste han? Dersom du veit kor mykje du får i lønn for å male huset heime, kan du bruke den summen til å finne ut kor mykje du vil tene per time? Med algebra kan du få svar på slike spørsmål. Algebra handlar om å finne tal du ikkje kan sjå. Då bruker du tal du allereie kjenner, for å finne den ukjende verdien. I algebra reknar ein med bokstavar og andre symbol og reknar matematikk på eit meir abstrakt plan.

Algebra er eit viktig verktøy for å utvikle evna til å tenkje logisk, finne mønster og løyse problem som treng ei systematisk tilnærming. Dersom du tenkjer å studere matematikk vidare, er det heilt naudsynt å lære algebra. Sidan tal er grunnlaget for all matematikk, er det viktig for deg å få ei god talforståing.

Emner

Tal og algebra

  • Talrekning

    Tallrekning handlar om å handtere tal i praktisk rekning, bruke rekningsartane, addisjon, subtraksjon, divisjon og multiplikasjon.

  • Likningar

    Ei likning består av eit likskapsteikn med eit tal eller eit uttrykk på kvar side.

  • Prosent og prosentvis vekst

    Prosentar dukkar opp over alt i kvardagen vår. Vi kan få "prosentar" når vi handlar på salg. Bankrenter blir målte i prosent.

Læringsressursar

Tal og algebra