Hopp til innhald

  1. Home
  2. Praktisk matematikkChevronRight
  3. Nedlastbare oppgåvefiler, eksamensløysingar og rettleiingarChevronRight
  4. Eksamen i matematikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Eksamen i matematikk

I matematikk kom det ny eksamensordning våren 2015, kor det stillast krav til bruk av digitale verktøy. I menyen til alle matematikkfag på NDLA finn du nedlastbare filer med eksamensløysingar og oppgåveløysingar som du kan nytte på eksamen. Her kan du også sjå korleis dei digitale verktøya blir nytta.

Trekkfag

I matematikk kan elevar trekkjast ut til skriftleg eller munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt, med unntak av Vg 1 yrkesfaglig utdanningsprogram, kor skriftleg eksamen er lokalgitt. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt i alle fag.

Munnleg eksamen

Jente som er oppe tel munnleg eksamen. Foto.

Trekking av fag blir gjort kjend 48 timar før eksamen. Førebuingstida med eit kjend tema eller ei problemstilling, startar 24 timar før eksamen. Ut frå dette temaet, skal eleven førebu eit foredrag som ikkje bør utgjera meir enn 1/3 av eksamen, som varar inntil 30 minutt. Foredraget nyttast som utgangspunkt for samtale, men spørsmåla skal stillast slik at eleven får høve til å vise sin kompetanse i størst mogleg del av læreplanen. Sjå fleire detaljar, på udir.no på sida Lokalt gitt eksamen i videregående opplæring, men dei einskilte fylka har òg eigne retningslinjer for munnleg eksamen.

Førebuing til skriftleg eksamen

Du bør gjere deg kjend med Eksamensrettleiingar i matematikk for vidaregåande frå udir.no utgitt av Utdanningsdirektoratet. Dei gjeld for alle skriftlege sentralt gitte eksamenar både for studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram.

Du bør også laste ned og løyse Utdanningsdirektoratets Eksempeloppgåver i matematikk - udir.no for ditt fag etter ny eksamensordning i matematikk frå våren 2015.

Heading med overskrift til eksamensrettleiing i matematikk. Skjermbilete.

Formelark. Skjermbilete.
Eksamen Del 1

I eksamensrettleiinga er det lista opp «Formlar som skal vere kjend ved Del 1 av eksamen» for dei enkelte fag. Desse formlane kan du også lasta ned frå sidene med eksamensoppgåver i det aktuelle faget på NDLA. Du må sørgje for at du kan desse formlane.

Eksamen Del 2

Du kan her nytte alle hjelpemiddel unnateke kommunikasjon med andre. Skolane kan velge å la elevane nytte nettbaserte hjelpemiddel frå NDLA, men ikkje tilgang til Internett for å kunne utveksle informasjon med andre under eksamen.

Vi vil derfor rå til at du på førehand lastar ned pdf-utgåvene av følgjande dokumentar, som du finn i menyen hos alle matematikkfaga på NDLA:

  • Eksamensløysingar
  • Oppgåveløysingar

Lær deg å nytte innhaldslista for å navigere i pdf-dokumenta.

Utklippsverktøy. Skjermbilete.

Vi anbefaler at du leverer del 2 på eksamen digitalt, kor du nyttar «Utklippsverktøy» og kopierer frå GeoGebra inn i eitt tekstbehandlingsdokument. Sjå sida IKT-basert eksamen for meir om dette.

Lykke til med eksamen!

Læringsressursar

Nedlastbare oppgåvefiler, eksamensløysingar og rettleiingar