Hopp til innhald

  1. Home
  2. Praktisk matematikkChevronRight
  3. Nedlastbare oppgåvefiler, eksamensløysingar og rettleiingarChevronRight
  4. Digital levering av eksamensbesvarelsenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Digital levering av eksamensbesvarelsen

Ein grunnleggjande digital ferdigheit til IKT-basert eksamen i matematikk er å kunne produsere digitale tekstar med matematisk innhald. Her vil du få ei innføring i korleis dette kan gjerast ved å bruke ein tekstbehandlar som Microsoft Word (evt. saman med formeleditoren MathType) og GeoGebra.

Kvinne med laptop

I « Eksamensveiledning – om vurdering av eksamensbesvarelser 2018» står følgjande om digital levering av eksamenssvaret når det gjeld del 2 av eksamen:

Svaret på Del 1 og Del 2 av eksamen lastast opp i PGS.
Svaret på Del 1 av eksamen i matematikk førast av eleven med penn.
Svaret på Del 1 må skannast og lastast opp i PGS av skulen.
Del 2 kan bestå av:
  • ein kombinasjon av handskrift og utskrifter. Del 2 må då skannast til eitt PDF-dokument som lastast opp i PGS av skulen.
  • digitale dokument som lastast opp i PGS
Kandidatane kan ikkje levere Del 2 delvis på papir og delvis digitalt.

Det blir også tilrådd at heile svaret på del 2 blir samla i éi fil ved digital levering. Dette kan du øve på ved å gjere oppgåvene nedanfor og samle dei i eitt tekstdokument.

Oppgåve 1

  1. Last ned formeleditoren MathType fra denne sida dersom du ikke allereie har installert MathType på maskina di. (Du kan også bruke den formeleditoren som er innebygd i det tekstbehandlingsprogrammet du bruker.)
  2. Sjå evt. filmen MathType innføringsfilm.
  3. Åpne eit nytt tekstbehandlingsdokument. Skriv av og løys likningane i oppgåve 8.3 og rekn ut brøkane i oppgåve 3.4 ved hjelp av valt formeleditor.


Oppgåve 2

Du skal no svare på oppgåver deredu kombinerer vanlig og matematisk tekst.

Løys oppgåvene 7.13 og 7.14.


Oppgåve 3

Nokre oppgåver på del 2 skal/kan løysast med bruk av GeoGebra.

  1. Sjå filmen GeoGebra på eksamen.
  2. Løys likningane og rekn ut brøkane i oppgåve 1c ovanfor i CAS i GeoGebra.
  3. Løys oppgåve 4.3 i GeoGebra.

Hugs å lime utklipp frå GeoGebra inn i svardokumentet.

Læringsressursar

Nedlastbare oppgåvefiler, eksamensløysingar og rettleiingar