Hopp til innhald

  1. Home
  2. Praktisk matematikkChevronRight
  3. SannsynChevronRight
  4. Rekne ut sannsyn ved å bruke tabellarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Rekne ut sannsyn ved å bruke tabellar

Tabellar kan vi ha nytte av når vi skal rekne ut sannsyn.

Kast av to terningar. Sum tal auge

Forsøk

Tabell terningkast

Kast to terningar, ein raud og ein blå, og rekn ut summen av talet på auge.

Kva er sannsynet for at summen av talet på auge er 8?
Kva er sannsynet for at summen av talet på auge er 12?

Utfallsrommet er illustrert i tabellen til høgre. Det er 36 moglege utfall. Grøn rute i tabellen viser 3 auge på blå terning og 2 auge på raud terning. Dei gule rutene viser at det er 5 kombinasjonar som gir summen 8, medan oransje rute viser den eine kombinasjonen som gir sum auge lik 12.

PSummen av tal auge er 8=gm=536PSummen av tal auge er 12=gm=136

Kast av to terningar. Produktet av talet på auge

Forsøk

terningkast produkt.tabell.

Kast to terningar, ein raud og ein blå, og rekn ut produktet av talet på auge.

Kva er sannsynet for at produktet av talet på auge er 12?
Kva er sannsynet for at produktet av talet på auge er større enn 12?

Utfallsrommet er illustrert i tabellen til høgre. Det er 36 moglege utfall. Dei gule rutene viser at det er 4 kombinasjonar som gir produktet 12, medan oransje rute viser at det er 13 kombinasjonar som gir produkt større enn 12.

PProduktet av tal auge er 12=gm=436=19PProduktet av tal auge er større enn 12=gm=1336

Fargeblindskap. Krysstabell

Fargeblind
Personer med normalt fargesyn skal i dette biletet sjå talet 6. Personer som er fargeblinde for raude og grøne nyansar, ser ikkje noko tal.

På ein skule går det 840 elevar, 360 jenter og 480 gutar. Det viser seg at 34 av gutane er fargeblinde medan berre 5 av jentene er fargeblinde.

Denne teksten beskriv to ulike eigenskapar ved elevane på skulen. Ein elev er ein gut eller ei jente - og ein elev er fargeblind eller ikkje fargeblind.

For å klare å telje opp gunstige og mogelege utfall er det då lurt å setje opp ein krysstabell.


JenterGutarSum
Fargeblinde53439
Normalt fargesyn355446801
Sum360480840

Vi trekkjer tilfeldig ein elev ved skulen.

Alle elevane har like stort sannsyn for å bli trekt ut. Vi har altså ein uniform sannsynsmodell, og regelen om gunstige og moglege kan brukast.

Bestem sannsynet for at eleven er ei fargeblind jente?
Bestem sannsynet for at eleven er ein fargeblind gut?
Bestem sannsynet for at eleven er ein gut når vi veit at vi har trekt ein elev som er fargeblind?

PFargeblind jente=5840PFargeblind gut=34840PGut når vi veit at eleven er fargeblind=3439

Hundekappløp

Hundekappløp.tabell

Du skal no spele eit spel med to terningar saman med nokre medelevar. Du treng også eit speleskjema som vist til høgre.

Elleve hundar deltar i eit hundekappløp. Hundane er nummererte med startnummer 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 11 og 12. Kvar deltakar vel seg ut ein hund.

Ein av deltakarane byrjar å kaste dei to terningane. Summen av talet på auge blir rekna ut. Dersom talet på auge er 4 og 5 på dei to terningane, er summen lik 9 og hund nummer 9 rykkjer ein plass fram. Dette blir markert med eit kryss i ruta over talet 9 i speleskjemaet.

Neste deltakar kastar så terningane, og dersom summen av talet på auge blir 5, rykkjer hund nummer 5 fram ein plass. Dette blir markert med eit kryss i skjemaet.

Slik held spelet fram. Den hunden som først kjem i mål, har vunne. Då avbryt ein spelet.

Kva for ein hund ville du ha satsa på?
Hundekappløp

Læringsressursar

Sannsyn

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter