Hopp til innhald

  1. Home
  2. Praktisk matematikkChevronRight
  3. SannsynChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Rekne ut sannsyn ved å bruke valtre

Løys oppgåvene utan hjelpemiddel.

3.6.1

Vi kastar ein tikrone tre gonger.

a) Teikn eit valtre som illustrerer dei moglege utfalla vi kan få.

vis fasit
Valgtre. Illustrasjon.

b) Kva er sannsynet for å få nøyaktig to mynt?

vis fasit

Vi har åtte ulike utfall. I tre av utfalla får vi nøyaktig to mynt.

Sannsynet for nøyaktig to mynt blir:  P2 mynt=38

Her kan vi bruke ”gunstige delt på moglege - regelen” siden alle utfall er like sannsynlege (uniform sannsynsmodell).

c) Kva er sannsynet for å få ingen kron?

vis fasit

Sannsynet for ingen kron er det same som sannsynet for berre mynt:  PMMM=18

3.6.2

Tenk deg ei prøve i matematikk med fire oppgåver. På kvar av oppgåvene skal du krysse av i éi av fire ruter for rett svar. Du er ikkje førebudd, og alle svaralternativa verkar like sannsynlege, så du berre gjettar.

a) Teikn eit valtre som illustrerer dei moglege utfalla vi kan få.

vis fasit
Valgtre. Illustrasjon.

b) Kva er sannsynet for å få 4 rette svar?

vis fasit

PRRRR=14·14·14·14=1256

c) Kva er sannsynet for å få 3 rette svar?

vis fasit

Her gjeld det å finne alle rutene frå toppen av valtreet og heilt ned som er innom 3 rette svar (og eitt gale svar).

P3 rette = PRRRG+PRRGR+PRGRR+PGRRR=4·14·14·14·34=364

d) Kva er sannsynet for å få 2 rette svar?

vis fasit

Her må vi finne alle rutene frå toppen av valtreet og heilt ned som er innom 2 rette svar (og 2 galne svar). Det er 6 slike ruter.

P2 rette=6·14·14·34·34=27128

e) Kva er sannsynet for å få 1 rett svar?

vis fasit

Her må vi finne alle rutene frå toppen av valtreet og heilt ned som er innom eitt rett svar (og 3 galne svar). Det er 4 slike ruter.

P1 rett=4·14·34·34·34=2764

f) Kva er sannsynet for å få 0 rette svar?

vis fasit

PGGGG=34·34·34·34=81256

Læringsressursar

Sannsyn

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter