Hopp til innhald

  1. Home
  2. Praktisk matematikkChevronRight
  3. SannsynChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Kva er sannsyn?

3.1.1

Du skal no gjere eit forsøk saman med ein annan elev. De skal kaste ein terning 50 gonger kvar. Det kan vere lurt at ein av dykk kastar, medan den andre noterer resultatet. Resultata skal førast inn i ein tabell som vist nedanfor. Ta deg tid og ver nøyaktig.

Døme på korleis du skal gjere det (50 kast):

Tal auge
1
2 3 4 5 6 Sum
Tal gunstige utfall
||||||| |||||||||| ||||||||||| |||||||| |||||||| |||||| 50
Tal 7 10 11 8 8 6 50
Relativ frekvens
750=0,14
1050=0,20 1150=0,22 850=0,16 850=0,16 650=0,12 1

50 kast elev nr 1:

Tal auge
1
2 3 4 5 6 Sum
Tal gunstige utfall







Tal






Relativ frekvens


50 kast elev nr 2:

Tal auge
1
2 3 4 5 6 Sum
Tal gunstige utfall







Tal






Relativ frekvens


Ser de noko mønster for dei relative frekvensane?

3.1.2

Du skal no bruke resultata du fann i førre oppgåve.

a) Legg saman resultata du fekk i dei to tabellane i førre oppgåve i ein tabell med 100 kast.

Kva kan du seie om dei relative frekvensane?

Dersom du ikkje har to tabellar, bruker du tala i dømet som den eine tabellen.

100 kast med terning:

Tal auge
1
2 3 4 5 6 Sum
Tal







Relativ frekvens







3.1.3

Å kaste ein teiknestift er også eit tilfeldig forsøk. Det er to utfall av forsøket. Teiknestiften kan lande med spissen opp eller med spissen ned.

Du skal no gjere eit forsøk med ein teiknestift og finne ut kva sannsynet er for at teiknestiften du bruker skal lande med spissen opp, eller med spissen ned, når du kastar den.

a) Kor mange utfall har du?

vis fasit

Det er to utfall, spissen opp og spissen ned.

b) Kast ein teiknestift 50 gonger og presenter resultatet i ein sannsynsmodell.

Utfall
Spiss opp
Spiss ned
Sum
Tal



Relativ frekvens



c) Samanlikn din modell med ein annan elev.

Er modellane like? Kva kan ein eventuell skilnad skuldast?

vis fasit

Skilnaden kan skuldast

-ulike teiknestiftar

-for få kast

-ulike underlag

3.1.4

Ved kast av to pengestykke er det tre moglege utfall, to krone, to mynt eller ein krone og ein mynt.

a) Skriv ned kva for ei fordeling du trur det blir mellom desse tre utfalla.

b) Kast to pengestykke 50 gonger og rekn ut den relative frekvensen for kvart av dei tre utfalla.

Utfall
To kron
To mynt
En kron og
en mynt
Sum
Tal



Relativ frekvens



c) Ta dine resultat og legg desse saman med sidemannen sine resultat.

d) Finn den relative frekvensen no.

e) Presenter resultatet i ein sannsynsmodell.

f) Vart resultatet som du hadde venta?

3.1.5

a) Kor mange utfall har du når du kastar ein vanleg terning?

vis fasit

6 moglege utfall, 1, 2, 3, 4, 5, 6. Blir ofte presentert som 1, 2, 3, 4, 5

b) Kor mange utfall har du dersom du kastar to terningar og summerer talet på auge?

vis fasit

11 moglege utfall 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 11, 12

c) Kor mange utfall har du dersom du kastar ein mynt og ein terning?

vis fasit

12 moglege utfall m1, k1, m2, k2, m3, k3, m4, k4, m5, k5, m6, k6

m1 står for mynt og 1 på terningen osv.

d) Kor mange utfall har du i ein vanleg kortstokk på 52 kort når du skal trekkje eitt kort?

vis fasit

Der er 52 moglege utfall.

Læringsressursar

Sannsyn

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter