Hopp til innhald

  1. Home
  2. Praktisk matematikkChevronRight
  3. SannsynChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Sannsyn

Har du nokon gong lurt på om det er større sjanse for å få ein seksar enn for eksempel ein toar når du kastar ein terning? Sannsynsrekning handlar om korleis vi ved hjelp av matematikk kan seie noko om kva som vil skje i framtida.

Statistikk omfattar å planleggje, samle inn, organisere, analysere og presentere data. I analysen av data høyrer det med å beskrive generelle trekk ved datamaterialet. Å vurdere og sjå kritisk på konklusjonar og framstilling av data er ein sentral del av denne prosessen. I sannsynsrekning talfestar vi kor stor moglegheit det er for at ei hending skal skje. I kombinatorikk arbeider vi med systematiske måtar å telje opp moglege utfall på for å kunne rekne ut sannsyn.

Tenk deg at det er 23 elevar i ei klasse. Kva er sannsynet for at minst to av elevane har bursdag på same dag? Du vil kanskje tenkje at det er lite sannsynleg, men svaret vil nok overraske deg!

Monty Hall er eit spel som blei veldig populært då det gikk som eit TV-show i USA. Spelet går ut på følgjande: Ein deltakar skal velje mellom tre dører. Bak to av dørene står det ei geit, mens det bak den tredje døra står ein bil. Deltakaren vel først éi dør. Før døra blir opna, opnar programleiaren (som veit kva dør bilen er bak) ei av dei andre dørene som han veit det står ei geit bak. No får deltakaren valet om han vil behalde den døra han allereie har valt, eller om han ønskjer å bytte.

Løner det seg å bytte, trur du?

Dette hovudområdet handlar om å rekne med sannsyn. Sannsynsrekning er nok mest kjend innanfor pengespel som for eksempel Lotto og kortspel. Men også for å kunne føresjå utvikling på børsen, eller når forsikringspremiar skal fastsetjast, er sannsynsvurderingar eit viktig verktøy.

Sannsynsrekning talfestar kor stor moglegheit det er for at ei bestemt hending skal skje. For å kunne rekne ut sannsyn treng ein ei oversikt over tal på moglege kombinasjonar, og i kombinatorikk arbeider ein med systematiske måtar å telje opp slike moglege utfall på. Når du skal arbeide med sannsynsrekning, er det viktig at du har gode kunnskapar innan brøk- og prosentrekning.

Læringsressursar

Sannsyn

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter