Hopp til innhald

  1. Home
  2. Praktisk matematikkChevronRight
  3. GeometriChevronRight
  4. Areal og omkrinsChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Definisjon og måleeiningar for areal

Kvifor er det 100 kvadratcentimeter i ein kvadratdesimeter når det er 10 centimeter i ein desimeter?

Kvadrat på ruteark. Ilustrasjon.

Vi definerer éin kvadratdesimeter, 1 dm2, som arealet, eller flateinnhaldet, av eit kvadrat med sidelengder på 1 dm.

Eit kvadrat med sider 1 cm har eit areal på éin kvadratcentimeter,
1 cm2.

Tilsvarande definerer vi arealer på 1 m2, 1 mm2 osv.

Figuren viser at 1 dm2 svarar til 100 cm2. Det tyder igjen at

1 cm2=1100dm2=0,01 dm2

Vi hugsar samanhengen mellom måleeiningar for lengd

1 m=10 dm     1 dm=10 cm    1 cm=10 mm

Omgjering av måleeiningar for lengd

2,3 m = 23 dm=2300 mm450 cm= 4,50 m

Når vi set opp måleeiningane etter kvarandre som i tabellen nedanfor, kan vi ha som hugseregel at vi må gonge med 10 når vi går éin plass til høgre i tabellen (flytte komma éin plass til høgre), og dele med 10 når vi går éin plass til venstre (flytte komma éin plass til venstre).

mdmcmmm
2,3232302 300
4,4454504 500

Omgjering av måleeiningar for areal

2,3 dm2 = 230 cm2=23 000 mm2450 cm2=0,0450 m2

Når vi set opp måleeiningane for areal etter kvarandre som i tabellen nedanfor, kan vi ha som hugseregel at vi må gonge med 100 når vi går éin plass til høgre i tabellen (flytte komma to plassar til høgre), og dele med 100 når vi går éin plass til venstre (flytte komma to plassar til venstre).

m2dm2cm2mm2
0,0232,323023 000
0,0454,545045 000

For større areal har vi også nokre andre måleeiningar

1 a = 100 m2 (ar)1 da = 1 mål=10 a=1 000 m2 (dekar)1 ha = 100 a=10 000 m2 (hektar)1 km2 = 1 000 da=1 000 000 m2 (kvadratkilometer)

Læringsressursar

Areal og omkrins

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter