Hopp til innhald

  1. Home
  2. Praktisk matematikkChevronRight
  3. GeometriChevronRight
  4. PytagorassetningaChevronRight
  5. Å finne ei ukjend side i ein rettvinkla trekantChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Å finne ei ukjend side i ein rettvinkla trekant

Pytagoras si setning kan brukast for å finne ei ukjend side i ein rettvinkla trekant når to av sidene er kjende.

Snekker. Foto.

Rettvinklet trekant

Eksempel 1

Kor lang er sida b på figuren?

Løysing

Pytagoras' setning gir:

b2 = 2,02+5,02b2=4,0+25,0b2=29,0b=29,0b5,4

Sida b er 5,4 cm.

Eksempel 2

Rettvinklet trekant.Illustrasjon.

Kor lang er sida AB på figuren?

Løysing

2 komma 7 opphøgd i andre pluss c opphøgd i andre \

Pytagoras' setning gir

Sida AB er 5,9 m.

Eksempel 3

Rettvinklet trekant
Ein stige skal plasserast 2,4 meter frå ein husvegg og skal akkurat nå opp til vindaugskarmen i eit vindauge i andre etasje. Vindaugskarmen er 4,6 meter over bakken.

Kor lang må stigen vere?

Løysing

La stigen vere x meter lang. Pytagoras' setning gir

x opphøgd i andre \

Stigen må vere 5,2 meter lang.

Korleis lage rette vinklar

Nokre gonger bruker vi Pytagoras' setning for å lage vinklar som er 90 grader.

Rettvinklet trekant

Snikkar Pettersen skulle byggje ein garasje. Det var svært viktig at alle hjørna vart rette vinklar.

Vinkelmålaren han brukte til vanleg vart litt for liten, slik at han gav unøyaktig vinkel. Pettersen saga da til to bordlengder, den eine på 3 m, og den andre på 4 m. Han festa bordlengdene i endane som vist på teikninga, og la dei slik at avstanden mellom dei raude punkta vart 5 m. Han brukte til slutt ei tredje bordlengd og spikra det saman.

Pettersen brukte Pytagoras' setning for å lage seg ein rett vinkel. Her er ein video som syner bruk av dei same sidelengdene til å lage seg ein rett vinkel.

Rettvinklet trekant

Korleis kontrollere at vinklar er rette

Mål lengd, breidd og diagonal til pulten eller bordplata du arbeider ved.
Kvadrer alle lengdene. Sjekk om summen av kvadrata av lengd og breidd er lik kvadratet av hypotenusen. Dersom ikkje, er bordplata skeiv.

Læringsressursar

Pytagorassetninga

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Pytagoras

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter