Hopp til innhald

  1. Home
  2. Praktisk matematikkChevronRight
  3. GeometriChevronRight
  4. FormlikskapChevronRight
  5. Skisser og perspektivChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Skisser og perspektiv

Når vi teiknar, kan det vere ei utfordring å gje att røyndomen slik at vi skaper inntrykk av rom og djupne. Vi teiknar på papir, på ein dataskjerm eller andre flater som er i to dimensjonar, medan rommet er i tre dimensjonar.

Vei gjennom fjellandskap. Foto.
Ser du at alle linjer forsvinn i eit punkt?

Bildet gir inntrykk av rom og djupne. Det synest som om vegen blir smalare og smalare. Vegkantane, som eigentleg er parallelle linjer, synest å nærme seg eit felles punkt. Dei forsvinn i eit punkt i det fjerne. Slik er det òg når vi studerer naturen. Ting som er langt borte, ser mindre ut.

Dette prinsippet utnyttar vi når vi skal lage ein romfigur. Punktet som alle linjer synest å forsvinne i kallar vi forsvinningspunktet.

Vi skal no vise korleis vi kan lage ei skisse av eit rom.

Ei eske teikna med topunktsperspektiv. Illustrasjon

Det er meir vanleg at vi ser på ting, til dømes ei eske, frå to sider. Då blir det nødvendig med to forsvinningspunkt.

Ei eske teikna i topunktsperspektiv korr horisontalinja er merka.

Begge forsvinningspunkta ligg i augehøgd og linja gjennom forsvinningspunkta kallar vi horisontlinja.

To melkekartonger teikna i trepunktsperspektiv.

Når vi ser på gjenstanden frå anten svært låg høgd eller høgt ovanfrå, vil også dei loddrette linjene forsvinne i eit forsvinningspunkt. Då nyttar vi ofte tre forsvinningspunkt.

Her ser du skisser av ein mjølkekartong sett frå ulike vinklar.

Hus teikna i trepunktsperspektiv

Skisser kan ofte vere enkle teikningar laga for hand der det ikkje blir stilt så strenge krav til nøyaktigheit.

Ein arkitekt lager gjerne ei skisse før ho byrjar på den detaljerte teikninga.

Her har teiknaren nytta seg av tre forsvinningspunkt.

Kunstnarar og andre nyttar seg også av andre teknikkar som til dømes lyssetjing og skyggeleggjing for å få fram inntrykk av rom og djupne.

Det første kjente bildet med sentralperspektiv vart laga av Brunelleschi omkring 1415. Biografen hans, Antonio Manetti, skildra dette berømte eksperimentet der Brunelleschi måla baptisteriet i Firenze frå hovudporten av den uferdige katedralen. Lerretet var konstruert med eit hol i forsvinningspunktet. Målarstykket vart observert frå baksida, og refleksjonen av bildet vart sedd i ein spegel gjennom holet, som gav illusjonen av djupne. Diverre er bildet sidan gått tapt.

Meir om sentralperspektiv og Brunelleschi på wikipedia.org.

Læringsressursar

Formlikskap

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?