Oppgåve 9.3 og 9.4 bør du klare utan hjelpemiddel.
9.1
Vi har eit kart i målestokk 1 : 40 000.
a) På kartet måler vi at det er 8,5 cm frå fastlandet og ut til ei øy. Kor lang er denne avstanden i røyndomen?
vis fasit
Når målestokken er 1 : 40 000, vil 1 cm på kartet vere 40 000 cm = 400 m = 0,4 km i røyndomen. 8,5 cm på kartet blir dermed i røyndomen.
b) Avstanden mellom to skjer er omtrent 5 200 meter. Finn kor mange centimeter dette utgjer på kartet.
vis fasit
1 cm på kartet utgjer 400 meter i røyndomen. 5 200 meter i røyndomen blir dermed
Avstand på sjøen måler vi vanlegvis i nautiske mil. Ei nautisk mil er 1 852 meter.
c) På kartet måler vi at det er 10,5 cm frå Sånum til Stussøy. Finn avstanden i nautiske mil mellom desse to stadene.
vis fasit
10,5 cm på kartet blir i røyndomen. Talet på nautiske mil blir då
Fart på sjøen måler vi vanlegvis i knop. Knop er talet på nautiske mil per time (nautiske mil/h). Er farten din 10 knop, kjem du 10 nautiske mil på ein time. Er farten 7 knop, kjem du 7 nautiske mil på ein time osb.
d) Tenk deg at du er på båttur fra Sånum til Stussøy med ein fart på 6 knop. Kor lang tid tek båtturen?
vis fasit
Båtturen tek .
I minutt blir det
Båtturen frå Sånum til Stussøy tek ca. 23 minutter med ein fart på 6 knop.
9.2
a) Kva tyder det at målestokken er 1 : 100?
vis fasit
1 cm på arbeidsteikninga er 100 cm i røyndomen.
b) Kor mange kvadratmeter blir utvidinga av stova?
vis fasit
Utvidinga av stova blir .
9.3
Teikn ei skisse av pulten eller bordet du sit ved. Bruk målestokk 1:10.
9.4
Ei arbeidsteikning av ein maskindel er i målestokk 5 : 1.
a) Kva tyder det at målestokken er 5 : 1?
vis fasit
Når målestokken er 5 : 1, vil 5 cm på teikninga vere 1 cm i røyndomen.
b) Eit mål på teikninga er 100 mm. Kor mange millimeter blir dette i røyndomen?
vis fasit
100 mm blir i røyndomen.
c) Maskindelen har ei lengd på 21 mm. Kva blir dette målet på teikninga?
vis fasit
Målet blir i røyndomen.
9.5
Bruk oppskrifta frå teorien og lag di eiga skisse av eit rom med nokre møblar.
Dersom du bruker til dømes GeoGebra, vil du kunne dreie teikninga di i ulike retningar.
Ta deg tid til å gjere dette skikkeleg.
Læringsressursar
Formlikskap
Læringssti
Formlikskap
Kjernestoff
Fagstoff
Formlikskap
KjernestoffFormlike trekantar
KjernestoffKart og arbeidsteikningar
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Formlikskap
Kjernestoff- Kjernestoff
Kart og arbeidsteikningarDu er her
Kva kan du om formlikskap?
KjernestoffKva kan du om kart og arbeidsteikningar?
KjernestoffKhan Academy - formlikskap
Kjernestoff