1. Home
  2. Praktisk matematikkChevronRight
  3. StatistikkChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Statistikk

Ordet statistikk blei opphavleg brukt om beskrivingar av stats- eller samfunnsforhold. Statistikk handlar om å samle inn og ordne opplysingar på ein føremålstenleg måte, og om å trekkje konklusjonar og treffe avgjerder på grunnlag av datamaterialet.

Bannerbilde for emnet statistikk i faget 2P. Bilde.

Statistikk blir brukt til å seie noko om eit talmateriale. Dette talmaterialet kan bestå av tusenvis av tal. Først må vi gjerne sortere talmaterialet. Deretter kan vi for eksempel rekne ut gjennomsnittet, som er eitt av fleire sentralmål. Det er også interessant å seie noko om variasjonen i talmaterialet. Til det treng vi eit spreiingsmål som for eksempel standardavvik.

I dette hovudemnet tek vi for oss sentralmål, spreiingsmål og kumulativ og relativ frekvens. Vi ser på korleis rekneark blir brukt til å presentere utrekningar, og korleis vi kan planleggje, gjennomføre og vurdere statistiske undersøkingar.

Læringsressursar

Statistikk

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter