1. Home
  2. Praktisk matematikkChevronRight
  3. Tal og algebra i praksisChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Tal og algebra i praksis

Vi treng framleis litt algebra sjølv om hovudvekta her ligg på praktisk matematikk brukt på situasjonar der vi har prosentvise endringar.

Bannerbilde i emnet tall og algebra i praksis i faget 2P. Bilde.

Dette hovudemnet dreier seg om å rekne med prosent, vekstfaktor, suksessive renteutrekningar og eksponentiell vekst i praktiske oppgåver. For å klare det må vi kunne litt meir om potensar, potensrekning og tal på standardform, så vi startar med det. Deretter blir det litt repetisjon av prosentrekning frå 1P/1P-Y. Vekstfaktor er det viktigaste omgrepet her. Så går vi raskt over til å sjå på prosentvis vekst i fleire periodar slik som ved renteutrekningar og andre endringar som skjer prosentvis. Då er vekstfaktoren eit godt hjelpemiddel.

Dette hovudemnet er også grunnlag for hovudemna som har med funksjonar og modellering å gjere.

Emner

Tal og algebra i praksis

  • Potenser

    Ein potens har eit grunntal og ein eksponent. Her finn du meir om potensar, tierpotensar, standardform og rotuttrykk.

  • Talrekning

    Tallrekning handlar om å handtere tal i praktisk rekning, bruke rekningsartane, addisjon, subtraksjon, divisjon og multiplikasjon.

Læringsressursar

Tal og algebra i praksis