Hopp til innhald

  1. Home
  2. Praktisk matematikkChevronRight
  3. ØkonomiChevronRight
  4. Lønnsutrekningar, skatt og avgifterChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Lønnsutrekningar, skatt og avgifter

Oppgåvene kan løysast med alle hjelpemiddel dersom det ikkje står noko anna.

3.1

Pernille arbeider 37,5 timar kvar veke. Ho har ei timelønn på 225 kr. Kor mykje har Pernille i bruttolønn per veke?

vis fasit

Bruttolønna til Pernille er: 225 kr·37,5=8437,50 kr

3.2

Per arbeider som telefonseljar. Han har ei fast timelønn på 105 kroner. I tillegg får han 15 kroner for kvart sal han oppnår. Ei veke arbeidde Per 15 timar. Han oppnådde 90 sal denne veka.

a) Kor mykje hadde Per i brutto vekelønn denne veka?

vis fasit

Lønna til Per denne veka var 105 kr·15+15 kr·90=1575 kr+1350 kr=2925 kr

b) Kva vart den verkelege timelønna til Per denne veka?

vis fasit

Den verkelege timelønna vart 2925 kr15=195 kr

3.3

Silje har ei årslønn på 375 500 kroner. Kva blir timelønna til Silje dersom du reknar med 1 950 arbeidstimar i løpet av eitt år?

vis fasit

Timelønna til Silje blir 375 500 kr1 950193 kr

3.4

Stanislaw plukkar morellar. Han får 12 kroner for kvar kg han plukkar. Ein dag plukka han 135 kg i løpet av 10 timar.

a) Kva var bruttolønna til Stanislaw denne dagen?

vis fasit

Bruttolønna til Stanislaw denne dagen var 135·12 kr=1 620 kr

b) Kva vart timelønna?

vis fasit

Timelønna vart 1 620 kr10=162 kr

3.5

Vegard er snikkar og gir eit anbod på 27 000 kroner for ein jobb. Han reknar med å bruke 10 arbeidsdagar på jobben. Kvar arbeidsdag er på 7,5 timar. Kor stor timelønn har Vegard rekna at han skal ha?

vis fasit

Vegard har rekna ei timelønn på 27 000 kr(10·7,5)=360 kr

3.6

Tina har ei fast månadslønn på 32 200 kroner. Normal arbeidstid ein månad er 162,5 timar. Ein månad arbeidde Tina 7 timar overtid med 40 % tillegg og 4 timar overtid med 100 % tillegg. Finn samla lønn for Tina denne månaden. Gjer utrekningane i eit rekneark.

vis fasit

A

B

C

D

1

Lønnsutrekningar for Tina

2

3

Inndata

Formlar i kolonne B

4

Månadslønn

32200

kr

5

Tal på timar i ein månad

162,5

t

6

Overtidstillegg

40

%

7

Overtidstillegg

100

%

8

Tall på overtidstimar med 40 % tillegg

7

t

9

Tall på overtidstimar med 100 % tillegg

4

t

10

11

Vanleg timelønn

198

kr/t

=B4/B5

12

13

Utrekning

14

Fast månadslønn

32200

kr

=B4

15

Overtidslønn 40 %

1942

kr

=B8*$B$11*(1+B6/100)

16

Overtidslønn 100 %

1585

kr

=B9*$B$11*(1+B7/100)

17

Brutto lønn

35727

kr

=B14+B15+B16

Samla lønn for Tina denne månaden vart kr 35 727.

Nedanfor kan du sjå utrekninga i eit verkeleg rekneark.

Filer

3.7

Mads har fast månadslønn på 35 120 kroner. Ein månad arbeidde han 10 timar overtid. For 4 av desse timane fekk han 50 % tillegg, og for 6 av timane fekk han 100 % tillegg. Rekn med 162,5 arbeidstimar per månad. Finn samla lønn for Mads denne månaden. Gjer utrekningane i eit rekneark.

vis fasit

A

B

C

D

1

Lønnsutrekningar for Mads

2

3

Inndata

Formlar i kolonne B

4

Månadslønn

35120

kr

5

Tal på timar i ein månad

162,5

t

6

Overtidstillegg

50

%

7

Overtidstillegg

100

%

8

Tal på overtidstimar med 40 % tillegg

4

t

9

Tal på overtidstimar med 100 % tillegg

6

t

10

11

Timelønn

216

kr/t

=B4/B5

12

13

Utrekning

14

Fast månadslønn

35120

kr

=B4

15

Overtidslønn 40 %

1297

kr

=B8*$B$11*(1+B6/100)

16

Overtidslønn 100 %

2593

kr

=B9*$B$11*(1+B7/100)

17

Brutto lønn

39010

kr

=B14+B15+B16

Samla lønn for Mads denne månaden vart kr 39 010.

Nedanfor kan du sjå utrekninga i eit verkeleg rekneark.

Filer

3.8

Ine jobbar kvar laurdag i ein fiskebutikk. Ho har arbeidstid frå kl. 11:00 til kl. 18:30. Ein månad jobbar ho fire laurdagar. Ho får 50 % overtidstillegg etter kl. 17:00. Kva er bruttolønna til Ine denne månaden når timelønna er 120 kr?

vis fasit

Arbeidstid kvar laurdag er 7,5 timar.

I løpet av 4 laurdagar blir det 4·7,5 timer=30 timer.

Kvar laurdag jobbar ho 1,5 time overtid. Til saman blir det 6 timar overtid denne månaden.

Lønna til Ine denne månaden blir:

Vanleg lønn:30·120 kr =3 600 kr+ overtidstillegg:6·120 kr·50%=360 kr= Samla lønn:3 960 kr

3.9

Svein jobbar som seljar. Han har ei fast månadslønn på 20 000 kroner. I tillegg skal Svein ha 5 % provisjon av salet som overstig 100 000 kroner. Ein månad selde han for 250 000 kroner. Finn bruttolønna til Svein denne månaden.

vis fasit

Lønna til Svein blir:

20 000 kr+(250 000 kr-100 000 kr)·0,05=20 000 kr + 7 500 kr=27 500 kr

3.10

Celine har ei timelønn på 195 kroner. I mai arbeidde ho 162,5 timar. Celine har prosentkort og trekkjer 33 % skatt. Kor mykje fekk Celine utbetalt denne månaden?

vis fasit

Lønn i mai:162,5·195 kr=31 687,50 krSkattetrekk i mai:31 687,50·0,3310 457,00 krUtbetalt i mai:31 687,50 kr - 10 457 kr21 230,50 kr

3.11

Kåre har ei timelønn på 145 kroner. Ein månad arbeidde han 145 timar. Kåre har prosentkort og trekkjer 27 % skatt. Kva var nettolønna til Kåre denne månaden?

vis fasit

Lønn :145·145 kr=21 025,00 krSkattetrekk:21 025·0,27=  5 676,25 krUtbetalt : 21 025 kr-5 676,25 kr=15 348,75 kr

3.12

Anne har jobb som telefonseljar tre ettermiddagar kvar veke. Arbeidstida er frå kl. 15:30 til kl. 18:30. Ho har ein avtale der ho får ei fast timelønn på 102 kroner. I tillegg får ho 10 % provisjon av salet som lønn. Anne har prosentkort og betaler 21 % skatt. I mars hadde ho følgjande sal

Veke

Sal

10

3 200 kr

11

3 900 kr

12

2 700 kr

13

4 100 kr

a) Finn timelønna til Anne denne månaden.

vis fasit

Talet på timar Anne jobbar desse vekene: 4·3·3 timar=36 timar

Lønn ut frå tal på timar: 36·102 kr=3 672 kr

Samla sal: 3 200 kr+3 900 kr+2 700 kr+4 100 kr=13 900 kr

Provisjonslønn: 13 900 kr·0,10=1 390 kr

Timelønna til Anne blir: (1 390 kr+3672 kr)36=5 062 kr36141 kr

b) Finn nettolønna til Anne denne månaden.

vis fasit

Skattetrekket blir: 5 062 kr·0,21=1 063 kr

Nettolønna til Anne blir: 5 062 kr-1 063 kr=3 999 kr

I oppgåvene som følgjer skal du bruke ulike skattetabellar. Du finn desse skattetabellane på Skatteetaten si side om tabelltrekk for skatt . Bruk året 2018 på denne nettsida og vel rett skattetabell i skjemaet. Trykk deretter på "Vis hele tabellen" og finn riktig skattetrekk. (Du kan kontrollere skattetrekket ved å skrive inn i skjemaet den lønna som er trekkgrunnlag.)

3.13

Ein månad har Siri 35 900 kroner i månadslønn. I tillegg har ho arbeidd 7 timar overtid med 40 % overtidstillegg. Siri skal bruke skattetabell 7104 for 2018, som du finn i forklaringa ovanfor. For overtidsarbeidet skal ho betale 32 % skatt. Bruk rekneark og rekn ut skatt og utbetalt lønn. Rekn med 162,5 timar per månad.

vis fasit

A

B

C

D

1

Lønnsutrekningar for Siri

2

3

Inndata

Formlar i kolonne B

4

Månadslønn

35900

kr

5

Tal på timar i ein månad

162,5

t

6

Overtidstillegg

40

%

7

Tal på overtidstimar med 40 % tillegg

7

8

Skattetrekk ved overtidsarbeid

32

%

9

10

Timelønn

221

kr/t

=B4/B5

11

12

Utrekning

13

Fast månadslønn

35900

kr

=B4

14

Overtidslønn

2165

kr

=B7*B10*(1+B6/100)

15

Brutto lønn

38065

kr

=B13+B14

16

Skattetrekk av fast lønn

10229

kr

17

Skattetrekk av overtidslønn

693

kr

=B14*B8/100

18

Sum skattetrekk

10922

kr

=B16+B17

19

Utbetalt lønn

27143

kr

=B15-B18

Nedanfor kan du sjå utrekninga i eit verkeleg rekneark.

Filer

3.14

Kristine har ei fast månadslønn på 31 345 kroner. I mars arbeidde ho 12 timar overtid. Ho fekk 50 % overtidstillegg. Rekn med 162,5 arbeidstimar per månad. Kristine er medlem i ei fagforeining og trekkjer 1,2 % i fagforeiningskontingent kvar månad. Ho blir trekt i skatt etter skattetabell nr. 7104 for 2018, sjå forklaring rett før den førre oppgåva. For overtidsarbeidet skal ho betale 36 % skatt. Finn Kristine si nettolønn i mars. Gjer utrekninga med og utan rekneark.

vis fasit

A

B

C

D

1

Lønnsutrekningar for Kristine

2

3

Inndata

Tall

Formlar i kolonne B

4

Månadslønn

31345

kr

5

Tal på timar i ein månad

162,5

t

6

Overtidstillegg

50

%

7

Tal på overtidstimar med 50 % tillegg

12

t

8

Skattetrekk ved overtidsarbeid

36

%

9

Fagforeiningstrekk

1,2

%

10

11

Timelønn

193

kr/t

=B4/B5

12

13

Utrekning

14

Fast månadslønn

31345

kr

=B4

15

Overtidslønn

3472

kr

=B7*B11*(1+B6/100)

16

Brutto lønn

34817

kr

=B14+B15

17

Fagforeiningstrekk

418

kr

=B16*B9/100

18

Grunnlag for tabelltrekk

30927

kr

=B14-B17

19

Skattetrekk etter tabell. Grunnlag 30900

8238

kr

20

Skattetrekk av overtidslønn

1250

kr

=B15*B8/100

21

Sum skattetrekk

9488

kr

=B19+B20

22

Utbetalt lønn

24911

kr

=B16-B17-B21

Utan regneark:

Timelønn: 31 345 kr162,5=192,89 kr

Samla lønn (Bruttolønn):

31 345 kr +12·192,89·1,50=31 345 kr +3 472 kr=34 817 kr

Fagforeiningstrekk 1,2 % av bruttolønn: 34 817 kr·0,012418 kr

Trekkgrunnlag tabelltrekk: Vanleg lønn – fagforeiningstrekk

=31 345 kr 418 kr=30 927 kr 

Skattetrekk frå tabell 7104. Trekkgrunnlag 30 900 gir eit skattetrekk på 8 238 kr.

Skattetrekk av overtid: Trekkprosenten er 36 % =3 472 kr·0,361 250 kr

Utbetalt lønn: 34 817 kr-8 238 kr-1 250 kr-418 kr=24 911 kr

Nedanfor kan du sjå utrekninga i eit verkeleg rekneark.

Filer

3.15

Ole arbeider på ein mekanisk verkstad. Han har ei timelønn på 195 kroner innanfor vanleg arbeidstid. Nedanfor ser du kor mange timar han arbeidde ein månad.

Arbeid

Tal på timar

Vanleg arbeidstid

150

Overtid med 50 % tillegg

16

Overtid med 100 % tillegg

6

a) Finn bruttolønna til Ole denne månaden.

Ole betaler 2 % av lønna for vanleg arbeidstid til ei pensjonskasse.

b) Hvor mykje betalte Ole til pensjonskassa denne månaden?

Ole betaler 36 % skatt.

c) Hvor mykje fekk Ole utbetalt etter at skatten var trekt ifrå denne månaden?

vis fasit

A

B

C

D

1

Lønnsutrekningar for Ole

2

3

Inndata

Formlar i kolonne B

4

Timelønn

195

kr

5

Tal på timar vanleg arbeidstid

150

6

Tal på timar med 50% tillegg

16

7

Tal på timar med 100 % tillegg

6

8

Overtidstillegg

50

%

9

Overtidstillegg

100

%

10

Skattetrekk

36

%

11

Trekkprosent pensjonskasse

2

%

12

13

Utrekning

14

Lønn vanleg arbeidstid

29250

kr

=B4*B5

15

Lønn overtid med 50 % tillegg

4680

kr

=B4*B6*(1+B8/100)

16

Lønn overtid med 100 % tillegg

2340

kr

=B4*B7*(1+B9/100)

17

Brutto lønn

36270

kr

=SUMMER(B14:B16)

18

Betaling til pensjonskasse

585

kr

=B14*B11/100

19

Grunnlag skattetrekk

35685

kr

=B17-B18

20

Skattetrekk

12847

kr

=B19*B10/100

21

Utbetalt lønn

22838

kr

=B17-B20-B18

a) Bruttolønna til Ole denne månaden er kr 36 270.

b) Innbetaling til pensjonskassa denne månaden er kr 585.

c) Ole fekk utbetalt kr 22 838.

Nedanfor kan du sjå utrekninga i eit verkeleg rekneark.

Filer

3.16

I 2008 hadde Siv ei brutto årslønn på 365 600 kroner. Av dette var 39 100 kroner utbetalte feriepengar i 2008. Siv har rett til fem vekers ferie og har dermed ein feriepengesats på 12 %. Finn beløpet Siv får utbetalt i feriepengar i 2009. Gjer utrekningar både med og utan rekneark.

vis fasit

Oppgåva løyst med rekneark:

A

B

C

D

1

Lønnsutrekningar for Siv

2

3

Inndata

4

Bruttolønn 2008

365600

kr

5

Feriepengar 2008

39100

kr

6

Feriepengesats

12

%

7

8

Utrekning

9

Feriepengegrunnlag

326500

kr

=B4-B5

10

Feriepengar for 2009

39180

kr

=B9*B6/100

Oppgåva løyst manuelt:

Feriepengegrunnlag for feriepengar for 2009: 365 600 kr-39 100 kr=326 500 kr

Feriepengar for 2009: 326 500 kr100·12=39 180 kr

Nedanfor kan du sjå utrekninga i eit verkeleg rekneark.

Filer

3.17

Trond hadde sommarjobb i 4 veker. Han tente 5 500 kroner kvar veke.

a) Bruk teorien eller Internett og finn ut kor mykje Trond har rett til å få i feriepengar.

vis fasit

Går vi ut ifrå at Trond er yngre enn 60 år, har han rett på å få 10,2 % feriepengar. Arbeidsgivar kan også ha inngått ein avtale som gir Trond rett på 12 % feriepengar.

Med 10,2 % feriepengesats vil Trond få 5 500 kr·4·0,102=2 244 kr i feriepenger.

Med 12 % feriepengesats vil Trond få 5 500 kr·4·0,12=2 640 kr i feriepenger.

b) Bruk Internett og finn ut om Trond kan få utbetalt feriepengane rett etter han er ferdig med sommarjobben.

vis fasit

Trond har rett på å få utbetalt feriepengane rett etter at han er ferdig med sommarjobben dersom arbeidsforholdet tar slutt, dvs. ved ei oppseiing av arbeidsforholdet.

Læringsressursar

Økonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Personlig økonomi

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kronekurs og valutamarkedet

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Ekstern læringsressurs

  • ExternalLearningResourceEksterne ressurser

    Spleiselaget, skatt og arbeidsliv for ungdom

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for ekstern læringsressurs.