1. Home
  2. Praktisk matematikkChevronRight
  3. ØkonomiChevronRight
  4. LånChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Lån

Før eller sidan får du kanskje behov for å låne pengar. Det kan vere pengar for å kjøpe ein bil eller kanskje for å kjøpe eit husvære.

Lommebok med penger

Døme på långivarar er bankar, forsikringsselskap, Statens lånekasse for utdanning og Husbanken. I tillegg gir ei rekkje forretningar lån i form av at dei tilbyr sal av varer på avbetaling.

Långivar krev normalt sikkerheit for lånet i form av «pant» i den gjenstanden lånet skal finansiere. Dersom til dømes ein låntakar ikkje kan betale tilbake eit bustadlån, kan banken i staden ta bustaden, selje han og på den måten få tilbake pengane. Låntakar kan då bli sitjande igjen utan bustad, men framleis med restlån til banken.

Långivar krev betaling for å låne ut pengar i form av renter og gebyr. Rentesatsen avheng av fleire faktorar. Ein viktig faktor er den sikkerheita långivaren har for å få pengane tilbake. Difor er til dømes rentesatsen høgare for eit billån enn for eit lån til ein brannforsikra bustad.

Det blir gitt opp to typar renter på eit lån, nominell rente og effektiv rente.

  • Nominell rente viser det årlege rentebeløpet som ein prosentdel av lånet. Vanlegvis er denne renta oppgitt som rente per år (rente p.a). I tillegg må du betale gebyr.
  • Effektiv rente viser den verkelege renta når også gebyra er rekna med. Den effektive renta er dermed den faktiske prisen på lånet.

I Noreg plikter alle långivarar å oppgi den effektive renta.

Betaling av lån

Eit lån må tilbakebetalast. I tillegg må det betalast renter og gebyr. Dette skjer ved at låntakar betaler eit beløp eit visst tal gonger, eit visst tal terminar.

Dersom det blir betalt eit beløp kvar månad, så er det 12 terminar per år. Dersom det blir betalt berre éin gong per år, så er det berre éin termin per år. Det er også vanleg med til dømes fire terminar per år. Då blir det betalt eit beløp kvar tredje månad.

Talet på terminar til saman er lik talet på terminar per år multiplisert med lånet si løpetid i tal år.

Eit terminbeløp, det som blir betalt ein termin, består av ein avdragsdel og ein rentedel.

Det blir skilt mellom to typar lån, serielån og annuitetslån.

Serielån

Når du tar opp eit serielån, betaler du like store avdrag gjennom heile låneperioden. Etter kvart som lånet blir betalt ned, vil renteutgiftene gå ned. Terminbeløpa vil dermed bli lågare og lågare.

Illustrerte terminbeløp for serielån oppdelt i renter og avdrag. Grafikk.
Serielån: Summen av renter og avdrag går ned gjennom terminane. Avdragsdelen er konstant medan renteandelen går ned.

Du kan sjølv lage eit rekneark som viser tilbakebetalingsplanen for eit gebyrfritt serielån med løpetid på 10 år og med éin termin per år. Avdraget kvar termin er lik lånesummen dividert med talet på terminar. Renta minkar etter som lånet blir betalt ned, og terminbeløpa minkar gradvis. Rekne med ein rentesats på 4 % p.a.

Serielån med 1 termin per år i 10 år

Skriv inn lånebeløp og rente:

Lånebeløp:

100000

Rente i prosent

4

Avdrag per termin

10000

Avdrag

Renter

Terminbeløp

Restgjeld

Lånestart

100000

1. året

10000

4000

14000

90000

2. året

10000

3600

13600

80000

3. året

10000

3200

13200

70000

4. året

10000

2800

12800

60000

5. året

10000

2400

12400

50000

6. året

10000

2000

12000

40000

7. året

10000

1600

11600

30000

8. året

10000

1200

11200

20000

9. året

10000

800

10800

10000

10. året

10000

400

10400

0

Sum

100000

22000

122000

Formlane som er brukt finn du i reknearket nedanfor. Prøv først å lage reknearket utan å sjå på formlane.

Filer

Annuitetslån

Når du tar opp eit annuitetslån, er terminbeløpa like store gjennom heile låneperioden.

Illustrerte terminbeløp for annuitetslån delt opp i renter og avdrag. Grafikk.
Annuitetslån: Summen av renter og avdrag er like i alle terminar. Avdragsdelen veks medan renteandelen går ned.

Det tyder at avdraget kvar termin er lik terminbeløpet minus renter.

Etter kvart som lånet blir betalt ned, vil renteutgiftene gå ned. Sidan terminbeløpa skal vere like store gjennom heile låneperioden vil avdragsdelen auke når rentedelen går ned. Det er ikkje så lett å rekne ut terminbeløpet for eit annuitetslån, derfor er ikkje dette med i læreplanen for 1P og 1P-Y.

Dei aller fleste som tar opp eit lån vel annuitetslån.

Det er viktig å vite kor stort terminbeløp du er i stand til å betale.

Nordea bank tilbyr på sine nettsider mellom anna følgjande typar lån: Boliglån, billån, båtlån, forbrukslån og kontokreditt.

Med Nordea sin boliglånskalkulator kan du teste ut kva eit bustadlån vil koste, sjå biletet nedanfor. Kalkulatoren vel automatisk ei rente som kan vere aktuell. Når du skal ta opp eit lån, bør du vere budd på at renta kan auke, og det er ikkje sikkert at du vil få den føreslegne renta. Du bør difor teste kva terminbeløpet blir med ei høgare rente.

Du kan velje bustadlån med fast rente og få fram finansieringsplan og årleg tilbakebetalingsplan. I dømet er det valt serielån.

Døme fra Nordeas lånekalkulator. Skjermdump.
Eit lån på 2,25 mill over 25 år til 2,38 % eff. rente koster 9934 kroner i månaden.

For å sjå heile nedbetalingsplanen, må du trykkje på "Nedbetalingsplan" i kalkulatoren. Legg merke til kor mykje det totalt blir betalt i renter og gebyr. Er dette lånet eit serielån eller eit annuitetslån?

Tabell fra lånekalkulator. Skjermdump.
Nedbetalingsplan viser fordelinga mellom renter og avdrag gjennom låneperioden.

Dei årlege avdraga for 2043 er mindre enn for dei andre åra. Det kjem av at lånet blir betalt med månadlege terminar og lånekalkulatoren vart testa i mars månad 2018. Lånet si løpetid var 25 år, fram til mars 2043.

Billån

Nedanfor har vi klippa ut eit bilde frå DNB sin billånskalkulator slik han var i mars 2018. Her også vel kalkulatoren ei aktuell rente, men det er ikkje sikkert det er den renta du får når du søkjer om eit slik billån. Det kan til dømes variere etter om bilen er ny eller brukt.

Billånkalkulator. Skjermdump.
Eit billån på 300 000 med effektiv rente på 5,2 % koster 5 699 kr i månaden i fem år.

Forbrukslån

Dersom du er ute etter verkeleg høge rentesatsar, så er eit forbrukslån tingen! Her er eit utklipp av Sbanken sin forbrukskalkulator:

Kalkulator for forbrukslån. Skjermdump.
Forbrukslån på 100 000 kr til 9,56 % effektiv rente over fem år koster 2 103 kr i månaden.

Læringsressursar

Økonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Sparing

  • SubjectMaterialFagstoff

    Personlig økonomi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kronekurs og valutamarkedet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Ekstern læringsressurs

  • ExternalLearningResourceEksterne ressurser

    Spleiselaget, skatt og arbeidsliv for ungdom

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for ekstern læringsressurs.