1. Home
  2. Praktisk matematikkChevronRight
  3. ØkonomiChevronRight
  4. SparingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sparing

Ein vanleg måte å spare pengar på er å setje pengane, kapitalen, på ein sparekonto i ein bank.

Sparegris

Då får du ei avkastning på kapitalen i form av renter. Rentefoten fortel kor mange prosent av kapitalen du får i rente for ein viss periode, vanlegvis eitt år. Rentefoten kan til dømes vere 2,5% p.a., der p.a. står for pro anno som tyder per år. Vanlegvis blir berre prosentsatsen gitt opp, og då meiner ein renter "per år".

Korleis eit innskot veks ved banksparing

Du set eit beløp på 5 000 kroner i banken til ei fast rente på 3,5% per år.
Vekstfaktoren er 1+3,5100=1+0,035=1,035.
På bankkontoen vil det då om eitt år stå 5 000 kr·1,035=5175 kr.

Etter 10 år har beløpet vakse til 5 000 kr·1,03510=7 053 kr.

I eit rekneark kan du leggje inn beløp, rentefot og talet på år, og sjå korleis ulike beløp vil vekse ved banksparing.

Filer

Sparekalkulatorar

På nettsidene til dei fleste bankane finn du sparekalkulatorar som verkar som reknearka ovanfor, men med fleire moglegheiter.

Nordea tilbyr til dømes ein sparekalkulator for månedlig sparing på konto. Du kan rekne ut sluttbeløp ved fast månadleg sparing. Du kan også rekne ut kor mykje du må spare kvar månad for å nå eit bestemt sluttbeløp,

På ein sparekonto har du vanlegvis eit avgrensa tal på uttak per år, men rentene på ein sparekonto er relativt høge. Har du eit stort beløp på ein sparekonto, får du som regel høgare rente enn på eit mindre beløp.

Brukskonto

Det er vanleg for ein arbeidstakar at lønna blir overført direkte til ein brukskonto i ein bank. Her er renta lågare enn på ein sparekonto, men til gjengjeld har du eit uavgrensa tal på uttak per år. Til ein brukskonto får du eit betalingskort som du kan bruke ved betaling i butikkar og liknande.

Boligsparing for ungdom, BSU

BSU står for «Bustadsparing for ungdom» og er ei svært gunstig spareform som skal stimulere ungdom til å spare til framtidig bustadkjøp.

Staten gir deg reduksjon i inntektsskatten basert på kor mykje du sparer.

Dei fleste bankane gir klart høgare renter på ein BSU-konto enn på ein vanleg lønnskonto.

For 2018 gjeld følgjande reglar for sparing på BSU-konto.

  • Du kan spare på ein BSU-konto til og med det året du fyller 33.

  • Du kan spare inntil 25 000 kroner i året, og maksimalt til saman 300 000 kroner.

  • Du får fratrekk i skatt på 20 % av årleg innbetalt sparebeløp.

  • Du kan i utgangspunktet berre bruke sparepengane til kjøp av bustad eller nedbetaling av bustadlån. Dersom du bruker pengane til noko anna, må du betale tilbake skattefordelane oppnådde i spareperioden.

Du kan finne oppdaterte vilkår for BSU på sidene til Skatteetaten.

Dersom du sparar 25 000 kroner per år, kan du trekkje 20 % av dette beløpet av på skatten. Du har altså moglegheit til å spare 5 000 kroner på skatten kvart år!

I tillegg får du gode rentevilkår på inneståande beløp, så dette er absolutt ei spareform å tilrå.

Sparing i aksjar eller aksjefond

Aksjesparing

Sparing i aksjefond kan gi høgare avkastning enn banksparing, men risikoen er høgare samanlikna med å setje pengane på ein bankkonto.

Læringsressursar

Økonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Lån

  • SubjectMaterialFagstoff

    Personlig økonomi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kronekurs og valutamarkedet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Ekstern læringsressurs

  • ExternalLearningResourceEksterne ressurser

    Spleiselaget, skatt og arbeidsliv for ungdom

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for ekstern læringsressurs.