Hopp til innhald

  1. Home
  2. Praktisk matematikkChevronRight
  3. ØkonomiChevronRight
  4. Budsjett og rekneskapChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Budsjett og rekneskap

Eit budsjett er på mange måtar eit rekneskap i framtida slik vi trur det blir.

Nærbilde av fingre som taster inn tall på en kalkulator. Foto.

Budsjett

Eit budsjett er ein plan for korleis du vil bruke pengane dine i framtida.

Rekneskap

Eit rekneskap er ei oversikt over korleis du faktisk har brukt pengane.

Eksempel

Thea er 19 år og har byrja som lærling hos ein røyrleggjar. Ho har utbetalt ei lønn på 12 250 kroner per månad. Ho har flytta på ein hybel som ho betaler 4 500 kroner i leige for per månad.

Thea set opp eit budsjett i eit rekneark som viser korleis ho planlegg å bruke inntektene den første månaden. Nedanfor ser du delar av dette reknearket.

A

B

C

1

Budsjett for Thea

2

3

Inntekter

4

Lønn

12250

kr

5

Sum

12250

kr

6

7

Utgifter

8

Leie av hybel

4500

kr

9

Mat og drikke

1870

kr

10

Andre dagligvarer

340

kr

Filer

Det er vanleg å samle utgifter i kategoriar (grupper) slik at til dømes utgifter til frisør, såpe, tannkrem osb. blir samla i kategorien «Personleg pleie». Her går også utgifter til eit årleg tannlegebesøk inn.

Tal og typar kategoriar varierer. Til dømes har kanskje ein småbarnsfamilie ein kategori med «Spedbarnsutstyr».

Gjennom månaden noterer Thea det verkelege forbruket og plasserer utgiftene i rett kategori i eit rekneark. Tabellen nedanfor viser delar av reknearket.

Inntekter

Utgifter

Dag

Leie av hybel

Mat og drikke

Andre dagligvarer

Klær og sko

1

Leie av hybel

4500

3

Matvarer

279

5

Nye bukser

349

5

Andre dagligvarer

129

Filer


Thea har valt å kopiere rekneskapen til ei kolonne ved sidan av budsjettet, slik at ho i kolonnen «Differanse» til ei kvar tid kan sjå korleis ho ligg an i forhold til budsjettet.

Thea har budsjettert med eit overskot på kroner 1 390. Rekneskapen viser eit overskot på kroner 1 456. Det er kroner 66 meir enn budsjettert.

Det går fram også av rekneskapen at det har vore størst overskriding på «Personleg pleie», medan for «Internett, telefon» har utgiftene vore klart mindre enn budsjettert.

Rekneskapen for éin månad gir grunnlag for betre budsjettering for neste månad. Kanskje kan til dømes «Internett, telefon» i budsjettet reduserast til fordel for «Mat og drikke»?

Statens institutt for forbruksforskning (SIFO) har utarbeidd eit Referansebudsjett for forbruksutgifter som er rekna ut for vanlege familiar. Utgiftspostane som ligg i dette budsjettet representerer eit normalt forbruk til ein gjennomsnittleg norsk familie. Du finn dette budsjettet ved å gå til referansebudsjett og kalkulator fra SIFO hos Oslomet. Her legg du inn opplysningar om personane i hushaldet, og får ut ei budsjett som viser kva hushaldet må rekne med av utgifter.

Læringsressursar

Økonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Sparing

  • SubjectMaterialFagstoff

    Lån

  • SubjectMaterialFagstoff

    Personlig økonomi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kronekurs og valutamarkedet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Ekstern læringsressurs

  • ExternalLearningResourceEksterne ressurser

    Spleiselaget, skatt og arbeidsliv for ungdom

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for ekstern læringsressurs.