Hopp til innhald

  1. Home
  2. Praktisk matematikkChevronRight
  3. ØkonomiChevronRight
  4. Skatt og avgifterChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Skatt og avgifter

Arbeidsgivar plikter å trekkje delar av lønna til ein arbeidstakar som skatt og overføre dette beløpet til skattemyndigheitene.

Skattetrekk av lønnsinntekter

Skattemyndigheitene utferdar skattekort til arbeidstakarar. Her går fram det kor mykje av lønna som skal trekkjast i skatt. Tidlegare måtte arbeidstakar levere skattekortet til arbeidsgivar. No kan arbeidsgivar hente skattekortet digitalt på Altinn (altinn.no)

Arbeidsgivar reknar først ut samla lønn. Det blir også kalla for bruttolønn. Mange arbeidstakarar har avtale om at arbeidsgivar trekkjer deler av lønna for å betale fagforeiningskontingent og/eller innbetaling til pensjonskasse (pensjonssparing). Desse beløpa trekkjas frå bruttolønna før skatten blir rekna ut. Bruttolønn minus skatt blir kalla for nettolønn.

Skattemyndigheitene kan utferde tre ulike typar skattekort.

Frikort

Tener du mindre enn 55 000 kroner i året (gjeld for 2018), treng du ikkje betale skatt. Du kan då bestille frikort hos Skatteetaten.no og levere dette til arbeidsgivar.

Prosentkort

På skattekortet står det oppgitt ein prosentsats som viser kor stor del av lønna arbeidsgivar skal trekkje i skatt.

Tabellkort

Dei fleste arbeidstakarar har eit tabellkort. Tabellkortet inneheld ein tabell som viser kor mykje som skal trekkjast i skatt.

Nedanfor ser du eit døme på delar av ein trekktabell frå 2018. Ved ei månadslønn på til dømes 27 800 kroner, kan du ut frå tabellen sjå at skattetrekkjet skal vere 7 354 kroner. Du skal alltid runde av lønna ned til nærmaste 100 kroner før du les ut skattetrekkjet frå tabellen.

Grunnlag

Trekk

Grunnlag

Trekk

Grunnlag

Trekk

26 000

6 637

27 000

7 036

28 000

7 434

26 100

6 677

27 100

7 075

28 100

7 474

26 200

6 717

27 200

7 115

28 200

7 513

26 300

6 757

27 300

7 155

28 300

7 553

26 400

6 797

27 400

7 195

28 400

7 593

26 500

6 836

27 500

7 235

28 500

7 633

26 600

6 876

27 600

7 274

28 600

7 673

26 700

6 916

27 700

7 314

28 700

7 713

26 800

6 956

27 800

7 354

28 800

7 752

26 900

6 996

27 900

7 394

28 900

7 792

På nettsida Tabelltrekk for skatt hos Skatteetaten kan du bruke eit skjema til å finne skattetrekket ved ei viss lønn og ein viss trekktabell.

På tabellkortet står det også oppgitt ein prosentsats som skal brukast ved overtidslønn.

Lønnsutbetaling og skattetrekk

Lønna for vanlege arbeidstakarar blir vanlegvis betalt ut éin gong i månaden. Arbeidstakaren får nettolønna etter at skatt og eventuelle andre frådrag er trekt frå. Nedanfor viser vi eit døme på utrekning av nettolønn for ein månad.

Morten arbeider i administrasjonen i ei større verksemd. Vi skal rekne ut kor mykje han fekk utbetalt i februar 2018.

  • Han har ei fast månadslønn på 38 000 kr.
  • Skatten av den faste månadslønna blir trekt med trekktabell 7100.
  • For overtidstimar får han 1100 kr per time.
  • Av overtidslønna blir han trekt 36 prosent i skatt.
  • Han blir trekt 2 % av den faste månadslønna til pensjonssparing (pensjonsinnskot).
  • Han betaler 1,5 % av bruttolønna til fagforeininga han er medlem av (fagforeiningskontingent).

Nedanfor har vi sett opp korleis eit rekneark med utrekning av nettolønna til Morten kan sjå ut.

Døme på utrekning av nettolønn

A

B

C

D

E

1

Nettolønna til Morten i februar 2018

2

Opplysningar til utrekninga

Utrekning av nettolønn

Formlar kolonne D

3

Fast månadslønn

38000

Lønn

4

Skattetabell

7100

Fast månadslønn (kr)

38000,00

=B3

5

Overtidstimelønn (kr)

1100

Overtidslønn (kr)

5500,00

=B10*B5

6

Skatteprosent på overtid (%)

36

Bruttolønn

43500,00

=SUMMER(D5:D6)

7

Fagforeiningskontingent (%)

1,5

8

Pensjonssparing (%)

2

Trekk

9

Pensjonssparing (kr)

760,00

=B8*D4/100

10

Tal på overtidstimar (t)

5

Fagforeiningskontingent (kr)

652,50

=B7*D6/100

11

Sum trekk før skatt (kr)

1412,50

=D9+D10

12

Trekkgrunnlag for skatt (kr)

36587,50

=D4-D11

13

Skatt av fast månadslønn (kr)

10819,00

(Frå tabell)

14

Skatt på overtidslønn (kr)

1980,00

=B6*D5/100

15


Sum trekk (kr)

14211,50

=D9+D10+D13+D14

16


17

Bruttolønn (kr)

43500,00

=D6

18

- Sum trekk (kr)

14211,50

=D15

19

Nettolønn for februar (kr)

29288,50

=D17-D18

Filer

I februar 2018 fekk altså Morten utbetalt 29 288,50 kroner. Både pensjonsinnskotet og fagforeiningskontingenten blir altså trekt frå lønna før skattetrekket blir fastsett. Derfor treng vi å rekne ut eit trekkgrunnlag for skatten. Merk at det ikkje blir rekna pensjonsinnskot av overtidslønn.

Kor mykje skatt skal du betale i eit kalenderår?

Det du betaler i skatt kvar månad, er ei innbetaling av skatt på førehand. Du har kanskje høyrt folk seie at i desember månad er det berre halv skatt. Det er feil! Det er førehandsinnbetalinga som er sett opp slik at vi skal ha ekstra god råd i desember. Kor mykje du skal betale i skatt i løpet av eit år er avhengig av dine samla inntekter dette året, ikkje av kva du har betalt inn på førehand. Det er difor først etter at året er slutt at den nøyaktige skatten kan reknast ut.

Gjennom skattemeldinga (sjølvmeldinga) pliktar du å gi opp dine samla inntekter det førre året til skattemyndigheitene. I praksis har din(e) arbeidsgivar(ar) underretta skattemyndigheitene om dine inntekter gjennom året, men det er viktig at du sjekkar at alt er rett.

Det blir skilt mellom to typar inntekter ved skatteutrekninga.

Personinntekt

Personinntekt er definert som summen av alle inntekter unnateke kapitalinntekter som til dømes rente på bankinnskot.

Alminneleg inntekt

Alminneleg inntekt får vi dersom vi tek alle skattepliktige inntekter inkludert kapitalinntektene og trekkjer frå skattefrie kostnader som pensjonsinnskot, fagforeiningskontingent og kapitalutgifter som til dømes renteutgifter på lån.

Skatteutrekning

Skatten blir rekna ut på grunnlag av personinntekta og den alminnelege inntekta.

For 2018 gjeld følgjande reglar

  • Inntektsskatt: 23 % av alminneleg inntekt
  • Trygdeavgift: 8,2 % av personinntekt
  • Trinnskatt:

    • 1,4 % av den delen av personinntekta mellom 169 000 kroner og 237 900 kroner
    • 3,3 % av den delen av personinntekta mellom 237 900 kroner og 598 050 kroner
    • 12,4 % av den delen av personinntekta mellom 598 050 kroner og 962 050 kroner
    • 15,4 % av den delen av personinntekta som er over 962 050 kroner
  • Minstefrådrag i lønnsinntekt: Dette er eit generelt frådrag på 45 % av arbeidsinntekta. Arbeidsinntekta er i dei fleste høve lik personinntekta, sjå ovanfor. Summen blir trekt frå i utrekninga av alminneleg inntekt. Summen kan ikkje vere mindre enn 4 000 kroner eller større enn 97 610 kroner.

Vi viser her korleis skatteutrekninga for eit år kan vere for ein person som berre har lønnsinntekter og renteinntekter, og ikkje inntekter frå pensjon, trygd eller næringsverksemd. Legg merke til at vi må ha eller rekne ut både personinntekta og den alminnelege inntekta i reknearket.

Eksempel på utrekning av nettoinntekt

A

B

D

E

1

Skattereglar

Frå skattemeldinga (sjølvmeldinga)

2

Inntektsskatt

23 %

Personinntekt

600000,00 kr

3

Trygdeavgift

8,2 %

Renteinntekter

2000,00 kr

4

Innslag trinnskatt trinn 1

169000 kr

Renteutgifter

70000,00 kr

5

Trinnskatt trinn 1

1,4 %

6

Innslag trinnskatt trinn 2

237900 kr

Minstefrådrag

97610,00 kr

7

Trinnskatt trinn 2

3,3 %

Alminnelig inntekt

434390,00 kr

8

Innslag trinnskatt trinn 3

598050 kr

9

Trinnskatt trinn 3

12,4 %

Skatteberekning

10

Innslag trinnskatt trinn 4

962050 kr

Inntektsskatt

99909,70 kr

11

Trinnskatt trinn 4

15,4 %

Trygdeavgift

49200,00 kr

12

Minstefrådrag

45 %

Trinnskatt trinn 1

964,60 kr

13

Minstefrådrag, nedre grense

4000 kr

Trinnskatt trinn 2

11884,95 kr

14

Minstefrådrag, øvre grense

97610 kr

Trinnskatt trinn 3

241,80 kr

15

Trinnskatt trinn 4

0 kr

16

Samla skatt

162201,05 kr

17

Nettoinntekt

439798,95 kr


Filer

I reknearket kan du gjere tilsvarande utrekningar av nettolønn for eit år.

Legg merke til at det ikkje blir betalt trinnskatt eller trygdeavgift av renteinntekter. For renteinntekter (kapitalinntekter) betaler ein 23 % i skatt. Samtidig blir skatten redusert med 23 % av renteutgiftene!

Avgifter

Meirverdiavgift

Meirverdiavgift, forkorta mva, tidlegare kalla moms, er ei stor inntektskjelde for staten.

Meirverdiavgift blir betalt ved omsetning av dei fleste varer og tenester. For 2018 er satsen generelt 25 %. For næringsmiddel er satsen 15 %, og for kinobillettar, persontransport, utleige av rom og opplevingssenter og liknande er satsen 12 %.

Det er Stortinget som fastset satsane for meirverdiavgift. Hos Skatteetaten.no kan du finne ut alt om reglar knytte til meirverdiavgift.

Arbeidsgiveravgift

Arbeidsgivaravgift er ei avgift som arbeidsgivarar må betale for sine tilsette som ein del av finansieringa av folketrygda. Avgiftssatsane blir fastsette av Stortinget kvart år som ein prosent av det som arbeidsgivar betaler i lønn og feriepengar.

Legg merke til at arbeidsgivaravgifta ikkje blir trekt frå lønna til arbeidstakar, men er pengar som arbeidsgivar må betale i tillegg til lønn og feriepengar.

Kvar kommune høyrer til ei sone, og arbeidsgivaravgifta er ulik frå sone til sone. Til dømes høyrer alle kommunane i Østfold til sone 1. Verksemder etablerte her må betale 14,1 % i arbeidsgivaravgift. Alle kommunane i Nord-Troms og nordover høyrer til sone 5. Verksemder etablerte her slepp å betale arbeidsgivaravgift.

Satsar og soner 2018 (uforandra frå 2011)

Sone

Ordinære næringar

Landbruk og fiske

1

14,1 %

14,1 %

1a

14,1 % (med unnatak)

10,6 %

2

10,6 %

10,6 %

3

6,4 %

6,4 %

4

5,1 %

5,1 %

4a

7,9 %

5,1 %

5

0 %

0 %

Prøv å finne ut kva for ei sone din kommune høyrer til!

Læringsressursar

Økonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Personlig økonomi

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kronekurs og valutamarkedet

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Ekstern læringsressurs

  • ExternalLearningResourceEksterne ressurser

    Spleiselaget, skatt og arbeidsliv for ungdom

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for ekstern læringsressurs.