Hopp til innhald

  1. Home
  2. Praktisk matematikkChevronRight
  3. ØkonomiChevronRight
  4. Kroneverdi, reallønn og nominell lønnChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kroneverdi, reallønn og nominell lønn

Dersom du går inn på ein butikk etter 2016 med éi krone i lomma, er det ikkje mye du får kjøpt. Dersom du derimot hadde gått inn i ein butikk i 1970 med ei krone i lomma, hadde du kunna kjøpe litt. Til dømes kunne du kjøpt ein kroneis!

En krone

Vi kan seie at éi krone i 1970 var meir verdt enn éi krone i 2017. For å kunne samanlikne verdien av éi krone til ulike tider, fører vi inn omgrepet kroneverdi. Kroneverdien følgjer konsumprisindeksen etter formelen nedanfor.

Kroneverdi=100Konsumprisindeks


Legg merke til at konsumprisindeks og kroneverdi er omvendt proporsjonale storleikar.

I utrekningane på denne sida bruker vi 2015 som basisår. Statistisk sentralbyrå (SSB) presenterer konsumprisindeksen (KPI) kvar månad. Gå ned til overskrifta "Se flere tabeller om emnet" og vel "Konsumprisindeks, historisk serie" for å sjå konsumprisindeksar heilt attende til 1925.

Kva var kroneverdien i basisåret?

Kroneverdi2015=100KPI2015=100100=1

Dersom vi ser på eit år før 2015, som til dømes 1970, var konsumprisindeksen mindre enn 100. Ser du at kroneverdien då var større enn 1?

Kroneverdi1970=100KPI1970=10012,8=7,81

Etter 2015 har konsumprisindeksen vore større enn 100. Ser du at kroneverdien då blir mindre enn 1? Vi reknar ut kroneverdien for 2017.

Kroneverdi2017=100KPI2017=100105,5=0,948

Etter som åra går og prisane (konsumprisindeksen) stig, blir kroneverdien mindre og mindre.
Legg merke til at vi her snakkar om den historiske kroneverdien internt i Noreg.

Vi må ikkje forveksle denne historiske kroneverdien med «kroneverdien» i forhold til utanlandsk valuta.




Årstal

1970

2015

2017

Kroneverdi

7,81

1

0,948

Reallønn og nominell lønn

Gamle norske mynter. Foto.

Nominell løn er det vi vanlegvis kallar lønn. Når du avtalar lønn med din arbeidsgivar, er det nominell lønn det er snakk om.

Realløn er ikkje ei verkeleg løn, men fortel kor stor den nominelle lønna er i forhold til prisnivået i samfunnet.

Dersom den nominelle lønna frå eit år til eit anna stig like mykje som prisane, er reallønna den same. Arbeidstakarar flest ønskjer at den nominelle lønna skal stige meir enn prisane. Dei ønskjer at reallønna skal stige.

I 2015 hadde Grete ei nominell lønn på 488 000 kroner. I 2017, to år seinare, hadde ho ei nominell lønn på 514 840 kroner.

Løna steig med 514 840-488 000488 000=0,055=5,5 %

2015 er basisåret for konsumprisindeksen. I 2017 var konsumprisindeksen 105,5. Det tyder at den gjennomsnittlege prisstiginga frå 2015 til 2017 var på 5,5 %.

Lønna steig like mye som prisane. Grete fekk ikkje større kjøpekraft i 2017 enn ho hadde i 2015, og reallønna hennar var den same i dei to åra.

I staden for å rekne ut kor mange prosent den nominelle lønna endrar seg, kan vi rekne ut kva denne løna var verd i basisåret. Det er denne løna vi kallar reallønn. På tilsvarande måte som for prisar og prisindeksar vil forholdet mellom reallønn og nominell lønn vere lik forholdet mellom indeksen i basisåret (100) og konsumprisindeksen for årstalet for den nominelle lønna.

ReallønnNominell lønn=100Konsumprisindeks

Vi bruker formelen på dømet ovanfor. Reallønn for 2015:

x488 000 = 100100488 000·x488 000=1·488 000     x= 488 000

Grete si reallønn i 2015 var 488 000 kroner.

Reallønn for 2017:

  x514 840 = 100105,5514 840·x514 840=100·514 840105,5       x=488 000

Grete si reallønn i 2017 var 488 000 kroner. Slike likningar kan også løysast med CAS i GeoGebra.

Vi ser at reallønna var den same i 2015 og i 2017.

Reallønna fortel oss kor mye den nominelle lønna ville ha vore i basisåret. I basisåret har nominell lønn og reallønn same verdi.

Eksempel

Reallønna til Trine var 550 000 kroner i 2006. Konsumprisindeksen dette året var 84,2. Vi vil finne den nominelle lønna til Trine i 2006.

Lønn

Indeks

Nominell lønn
x

Konsumprisindeks
84,2

Reallønn
550 000

100

Vi kan godt snu brøkane i formelen for reallønn på hovudet! Dersom du gjer det, vil den ukjende nominelle lønna x dukke opp øvst til venstre i tabellen, og du får ei likning som er grei å løyse!

  x550 000 = 84,2100550 000·x550 000=84,2·550 000100          x=463 100

Den nominelle lønna til Trine var 463 100 kroner i 2006.

Bensinprisen

Vi ser no på den same problemstillinga som på sida om prisindeks og konsumprisindeks.

Same fyller bensin på kanne. Foto.

I 2017 var gjennomsnittsprisen for éin liter bensin 14,66 kroner. I 1990 var gjennomsnittsprisen 5,61 kroner. Var bensinen billegare i 1990 enn i 2017?

På sida om prisindeksar fann vi at bensinprisen hadde stige med 161 % i dette tidsrommet medan konsumprisindeksen hadde auka med 76,1 %.

Det er også mogleg å samanlikne prisutviklinga på bensin i denne perioden med lønnsutviklinga.

Etter SSB var nettoinntekta (alminneleg inntekt) per innbyggjar i Noreg 81 500 kroner i 1990, og den var 338 000 kroner i 2017. Vi reknar ut auken i prosent.

338 000-81 50081 500=3,147=315%

Inntektsauken i perioden var altså på heile 315 % medan prisstiginga på bensin i same periode var på 161 %. Inntektsauken var mykje større enn prisstiginga på bensin. Det vil seie at vi i 2017 måtte arbeide mykje mindre enn vi gjorde i 1990 for å kunne kjøpe den same mengda bensin.

Svaret er: Bensinen var billegare sammenligna med det generelle prisnivået, men i forhold til lønnsnivået var bensinen dyrare.

Læringsressursar

Økonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Sparing

  • SubjectMaterialFagstoff

    Lån

  • SubjectMaterialFagstoff

    Personlig økonomi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kronekurs og valutamarkedet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Ekstern læringsressurs

  • ExternalLearningResourceEksterne ressurser

    Spleiselaget, skatt og arbeidsliv for ungdom

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for ekstern læringsressurs.