1. Home
  2. Praktisk matematikkChevronRight
  3. ØkonomiChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Økonomi

Det er viktig å vurdere og halde orden på personleg økonomi. Dette emnet handlar om lønn, skatt, kroneverdi, budsjett, rekneskap, lån og sparing.

Rosa sparegris med briller og kalkulator. Foto.

Når vi skal samanlikne prisar på ei vare til forskjellige tider, må vi ta omsyn til korleis prisar på andre varer og tenester har endra seg, og også korleis lønnsutviklinga har vore. For å gjere dette bruker vi prisindeksar.

Dersom du går inn på ein butikk i dag med éi krone i lomma, er det ikkje mykje du får kjøpt. Dersom du derimot hadde gått inn i ein butikk i 1970 med éi krone i lomma, hadde du kunna kjøpe litt. For eksempel kunne du kjøpt ein krone-is! Altså har det vi kallar prisindeksen på is steget sidan då, slik dei fleste prisindeksar har gjort sidan syttitalet. Det vil seie at konsumprisindeksen har stige. Samtidig har kroneverdien sokke. Ved hjelp av prisindeksar og kroneverdi kan vi samanlikne prisen på ei vare frå forskjellige år og finne ut om vara reelt sett kosta meir det eine året enn det andre. Tilsvarande utrekningar kan vi gjere på lønn også. Det er her omgrepet reallønn kjem inn.

Vi bruker gjerne eit rekneark på datamaskinen for å halde oversikta over økonomien vår. Reknearket kan leggje saman utgifter og inntekter for oss. Dersom vi for eksempel set inn ei ekstra utgift, vil reknearket oppdatere summen av utgifter automatisk. Vi kan raskt kopiere heile oppsettet frå månad til månad. Rekneark kan også vere greitt å bruke i samband med sparing og lån.

Læringsressursar

Økonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Sparing

  • SubjectMaterialFagstoff

    Lån

  • SubjectMaterialFagstoff

    Personlig økonomi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kronekurs og valutamarkedet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Ekstern læringsressurs

  • ExternalLearningResourceEksterne ressurser

    Spleiselaget, skatt og arbeidsliv for ungdom

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for ekstern læringsressurs.