Hopp til innhald

  1. Home
  2. Teknikk og industriell produksjonChevronRight
  3. Forståing av teikningChevronRight
  4. MålestokkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Målestokk

Ein kan ikkje alltid teikne ein del i faktisk størrelse. Det er kanskje ikkje plass til å teikne han på arket, eller kanskje er delen så liten at det blir vanskeleg å sjå kva teikninga viser om ho blir teikna i faktisk storleik? Målestokk er det same som forholdet mellom teikna og faktisk storleik.

Målestokk

Teikning mot røyndom

Å teikne i målestokk 1:2 vil seie at teikninga er halvparten så stor som komponenten er i røyndomen. Eller at ein millimeter på teikninga er to i røyndomen. Med målestokk 1:10 blir ein mm på teikninga lik ein cm i røyndomen. Da blir det litt vanskeleg å få vist små detaljar, fordi dei blir så små på teikninga at dei ikkje er synlege.

Viktig informasjon

Tittelfeltet skal innehalde informasjon om kva for målestokk ein har teikna i. Det skal òg vise kva for arkstorleik som er brukt. Viss ein teiknar i 1:1 på A4-storleik, og skriv fila ut på eit A3-ark, vil ikkje målestokken stemme. Derfor er det viktig å vite både målestokk og arkstorleik.

Utskrifter/ print

I ei bedrift som arbeider profesjonelt med teikning, vil dei ha moglegheit til å printe teikningar heilt opp i A0-storleik. Dei vil òg kunne skrive ut teikningar som er lengre enn std A0, ettersom arket blir levert på rull. Når ein skal teikne veldig store komponentar, er det ein fordel å kunne printe på store ark. Då slepp ein å forminske delen så mykje på teikninga som ein måtte ha gjort om ein berre hadde A3-printer.

Fleire målestokkar

Sjølv om ein teiknar rissa i ein liten målestokk, kan ein teikne detaljar og snitt i større målestokk. Då må ein gjere merksam på kva for ein målestokk detaljen eller snittet er teikna i.

Å teikne i målestokk 2:1 vil seie at ein teiknar komponenten i dobbel storleik. Mange mekaniske komponentar er så små at ein må forstørre dei litt når ein teiknar. Men ikkje overdriv forstørringa berre for å fylle arket. Det ser unaturleg ut å fylle eit A3-ark med teikninga av ein liten skrue!

Læringsressursar

Forståing av teikning