Hopp til innhald

  1. Home
  2. Teknikk og industriell produksjonChevronRight
  3. Forståing av teikningChevronRight
  4. Ramme og tittelfeltChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ramme og tittelfelt

Ei teikning er ikkje berre eit blankt ark med ein projeksjonsteikning på. Teikningane har ei teikna ramme rundt og fleire informasjonsfelt der ein kan skrive tekst og tal. Ofte har ulike bedrifter ordna eigne malar som teiknarar bruker. Det viktigaste skrivefeltet er tittelfeltet.

Tittelfelt på teknisk tegning med info om tegningen.  Illustrasjon.

Norsk Standard (NS) 1437:1977 regulerer storleik og utforming av tittelfeltet. Tittelfeltet inneheld informasjon om denne spesifikke teikninga, og gjer at ein kan identifisere teikninga blant alle andre teikningar. Vanleg informasjon i eit tittelfelt kan vere:

  • firmanavn og logo
  • teikningsnamn
  • teikningsnummer
  • målestokk
  • dato konstruert
  • namn på konstruktør
  • namn på godkjennar
  • revisjonsdato

Du finn instruksjon seinare om korleis ein kan tilpasse tittelfelt i dataprogrammet Solid Edge.

Læringsressursar

Forståing av teikning

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter