Hopp til innhald

  1. Home
  2. Teknikk og industriell produksjonChevronRight
  3. Forståing av teikningChevronRight
  4. TeikningslesingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Teikningslesing

Når du skal produsere, har du behov for ei meir nøyaktig beskriving av produktet enn kva eit bilete kan gi. Du har behov for å vise dimensjonar og toleransar og for å beskrive overflate osv. Dette blir spesielt viktig dersom fleire bedrifter skal produsere det same produktet, eller om fleire bedrifter skal produsere kvar sine enkeltelement til eitt ferdig produkt.

Teikningslesing

2D-teikningar

Dei fleste teikningar er utførte i 2D, det vil seie at dei viser plane flater og ikkje har djupn. Ein del teikningar vil nytte skravur og stipling for å få ein ekstra dimensjon inn i teikninga, slik at vi får eit inntrykk av eventuelle indre holrom, opningar, boringar, volum o.l. Den største mengda av teikningar som blir laga, er i 2D.

3D-modell og -teikningar

Eksempel på 3D modell. Illustrasjon.
Eksempel på 3D modell

For meir komplekse komponentar eller eit samansett produkt vel vi ofte å lage 3D-teikningar for å kunne visualisere produktet. Ut frå ei 3D-teikning eller ein 3D-modell kan vi hente ut 2D-teikningar for å kunne visualisere dei enkelte delane av produktet. Ein kombinasjon av 3D-modell og 2D-teikningar vil ofte gi god dokumentasjon av produktet.

Teikningsformat

Ei teikning har eit format. Formatet eller storleiken er definert i NS 1437 : 1977. Ved val av format tek vi utgangspunkt i den mengda informasjon som skal lagrast i teikninga, og den skalaen som teikninga skal lagast i. Storleiken på den delen som skal teiknast, i tillegg til kor mange snitt vi må ha, vil som regel gi oss svaret på kva for ein målestokk teikninga skal lagast i. Viss talet på snitt er lite, vil det ofte kunne vere tilstrekkeleg med ei hovudteikning med eit rimelig lite teikningformat, for eksempel A2 eller A3.

Tittelfelt

Tittelfelta og utforminga av desse er definerte i NS 1437 : 1977. Formålet med eit tittelfelt er å kunne identifisere teikninga på ein unik måte. Dette gjer vi som regel ved å gi teikninga eit unikt teikningsnummer og eit teikningsnamn. Dei fleste bedrifter har eit eige system både for namngiving av teikningane og for nummerering av teikningane. Vanleg informasjon som du vil finne i eit teikningsfelt, er: teikningsnamn, teikningsnummer, revisjonsnummer, teikningsformat, krav til toleransar, målestokk, teikna av og dato, godkjent av og dato.

Dato Revidert av: Revisjon nr: Tegningsformat
Dato Godkjent av: Målestokk: FIRMA-LOGO
Dato Tegnet av: Projeksjon:
Tegninngsnavn Tegningsnummer
Blad

Stykkliste

Ei stykkliste er ein detaljert spesifikasjon av dei detaljane som inngår i teikninga. Stykklista kan anten vere på sjølve teikninga, eller vi kan ha ei separat stykkliste som høyrer til teikninga, med unik referanse til denne. Ei stykkliste vil vanlegvis innehalde følgjande informasjon: pos. nr. (delnummer på teikninga), talet på einingar per pos., namn, type, dimensjon, ref. standard eller teikning, materiale, kg pr. stk.

Døme på stykkeliste

1

10

Bunnplate,
2x 223 x 135

BS-12

316L

4011-2

2

9

Sideplate,
2x 200 x 135

BS-12

316L

4011-2

4

8

Rør
2x 168, 3x348

BS-12

316L

4011-2

Ant.
pr. enhet
Pos nr.
Navn, type
dimensjon
Tegning,
standard
Materiale
Kg.
pr. stk.
Kjennemerke
ident

Emneliste

Emnelista er ein oppsummering av den materialen som skal nyttast til arbeidet. I dette tilfellet er rørdelene lagd saman til eit heilt røyr som må kappast. Likeeins er side og botnplate lagt saman inn på ei hovudplate.

Det er sjølvsagt svært viktig at stykklista og emnelista er korrekte. Alle endringar på teikninga som har innverknad på desse listene, må registrerast av kvalitetssikringsårsaker.

Døme på emneliste

1

Sideplate og bunnplate
2 x 1000 x 500

BS-12

316L

4011-2

1

Rør 2x 168,3 x 4200

BS-12

316L

3559-5


Ant.
Totalt

Pos
nr.

Navn, type dimensjon

Tegning,
Standard

Materiale

Kg. pr.
stk.

Kjennemerke
ident

Revisjon av teikning

Dei fleste teikningar blir reviderte ein eller fleire gonger i livsløpet sitt. Dette inneber at det er lurt å ha eit revisjonsfelt ved tittelfeltet som kan vise kva for ein revisjon vi no har, og kva denne revisjonen består av. Sjølv om revisjonen blir beskriven i eit revisjonsfelt, må det òg førast opp på teikninga kva som er revidert, og endringa må visast.

Skaleringsmålestokk

Dei fleste teikningane er teikna i ein skala. Dei fleste produkt har ein storleik som gjer dette nødvendig. Det er to former for skalering: forstørring eller forminsking. Vanleg skala ved forstørring er: 2 : 1, 5 : 1, 10 : 1, 20 : 1, 50 : 1, og vanleg skala ved forminsking er: 1 : 2, 1 : 2,5, 1 : 5, 1 : 10, 1 : 20, 1 : 50, 1 : 100 osv. Er teikninga i naturleg målestokk, nyttar vi omgrepet målestokk 1 : 1.

Læringsressursar

Forståing av teikning

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter