Hopp til innhald

  1. Home
  2. Teknikk og industriell produksjonChevronRight
  3. DokumentasjonChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Dokumentasjon

Dokumentasjon er ei skriftleg stadfesting av noko som er utført.

Mapper med dokumentasjon. Foto.

Dokumentasjon

Ordet dokumentasjon er for mange litt diffust (uklart).
Forklaringa er enkel:

Dokumentasjon er ei skriftleg stadfesting av noko som er utført.


Ein arbeidsordre er ein dokumentasjon fordi han seier kva som er gjort. Dette er òg stadfest med signaturar, både for eigenkontroll og sluttkontroll. Ein skriven rapport er ein dokumentasjon. Eit bilete kan òg vere ein dokumentasjon.

Operatørinstruks

Operatør er eit omgrep som har erstatta det gamle omgrepet "arbeidar" og som no omfattar meir. Omgrepet er kjønnsnøytralt og seier ikkje noko om utdanning og kompetanse. Ein operatør kan vere alt frå ein høgt spesialisert sveisar til ein ufaglært som går som hjelpearbeidar. Ein operatør utfører ein operasjon.

På skulen din har du eit skulereglement. Vi kan seie at dette tilsvarer den operatørinstruksen du vil få når du går ut i arbeidslivet.
Når ein operatør er tildelt eit arbeid, har han plikt til og ansvar for å utføre arbeidet i samsvar med følgjande rutinar:

  • melde frå til arbeidsformann ved feil eller manglar på produktet eller produksjonsunderlaget
  • kontrollere rett dimensjon og kvalitet på material/materiell
  • kontrollere måleutstyr ved serieproduksjon
  • kontrollere jiggar og malar før produksjon startar, og kontakte formann som skal kontrollere første eininga ved serieproduksjon
  • utføre sveising i samsvar med SPS- eller H.M.V.-sveisestandard
  • utføre arbeidet fagmessig, avgrade og avpusse produktet
  • gi melding til arbeidsformann ved overordna kontroll. Utføre og dokumentere med dato og signatur for eigenkontroll i samsvar med teikningar og/eller prosedyrar før neste opperasjon tek til. Neste operatør skal ikkje begynne på arbeidet før den førre har kontrollert og signert. Sørgje for at arbeidsordre blir sendt med produktet
  • for operatørar som utfører spesielle prosessar som sveising og overflatebehandling skal desse operasjonane alltid kontrollerast i samsvar med spesifiserte prosedyrar eller arbeidsstandardar
  • registrere avvik og forslag til endringar om nødvendig i samarbeid med arbeidsformann
  • bruke nødvendig og tilgjengeleg verneutstyr
  • registrere tid som har gått med til arbeidet og tid som har gått med til heft
  • rette seg etter og følgje gjeldande arbeidstid og pausar

Arbeidsordre

Dette er det viktigaste dokumentet du møter når du kjem ut i arbeidslivet. Så å seie alle bedrifter har i dag ein eller annan variant av dette dokumentet, og versjonane kan vere temmeleg ulike.
Dei viktigaste poenga med arbeidsordren er:

  • å instruere operatøren om kva han skal gjere
  • å vise til teikningar og andre nødvendige prosedyrar
  • å dokumentere at arbeidet er utført ved eigen og/eller ekstern kontroll

I døma under vil du sjå ein verkeleg arbeidsordre og korleis han blir brukt.

Arbeidsordre. Foto.
Arbeidsordre side 1
Arbeidsordre. Foto.
Arbeidsordre side 2

Læringsressursar

Dokumentasjon

SubjectEmne

Fagstoff