Hopp til innhald

  1. Home
  2. Teknikk og industriell produksjonChevronRight
  3. KvalitetsarbeidChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Kvalitetsarbeid

Kvalitetsarbeid handlar om å tilfredsstille kundane sine forventningar til bedrifta, med andre ord å kunne levere produktet eller tenesta med den kvaliteten kunden krev å få.

3 emojies som symbol for hhv lav, middels og høy tilfredshet. Illustrasjon.

Kva er kvalitetssikring?

Ein formell definisjon av (ei forklaring på) kvalitetssikring er:

Med kvalitetssikring meiner vi dei systema og aktivitetane ei bedrift bruker for å oppnå den kvaliteten som kunden krev på produktet.

Ein annan måte å seie det på kan vere:

Rett vare (kvalitet) til rett pris til rett tid.

For å oppnå dette bruker industrien i dag kvalitetssikringssystem. Dette er systematiserte metodar for å styre produksjonen (og konstruksjonen) mot dei kvalitetsmåla ein har. Måla og hovudfunksjonane er systematisk beskrivne, og det er laga prosedyrar (arbeidsbeskrivingar) for dei fleste aktivitetane.

Dersom det oppstår feil eller avvik, vil dette bli fanga opp av systemet, og det kan eventuelt gjerast tiltak for å hindre at dette skal skje igjen. Det vil normalt vere mogleg for alle i bedrifta å delta i ein kontinuerleg forbetringsprosess.

Kvalitetssystem

Med eit kvalitetssystem meiner ein eit middel for å etterleve uttalt politikk og oppnå fastsette mål. Det omfattar alle aktivitetar og fasar, som å fastleggje ansvar og myndigheit og koordinere forskjellige aktivitetar. Dokumentasjon, registrering av resultat og revisjon er òg ein del av kvalitetssystemet. Med kunde meiner vi ein forbrukar, brukar, klient eller ytingsmottakar.

Eit anna viktig aspekt med kvalitetssikringa og kvalitetssystemet er den generelle organisasjonen og dokumentasjonen i bedrifta, og kor ryddig og tilgjengeleg denne er for dei tilsette. Gjennom å kartleggje prosessane sine på ein fullstendig måte vil ein få ei mykje betre oversikt over eigen styrke og veikskap.

Kvalitetssystemet skal bidra til å gjere det enklare å forbetre desse prosessane og dermed auke bedrifta si evne til å tene meir pengar. Det blir sagt at ein ny kunde kostar fem gonger så mykje å få som å behalde ein eksisterande. Dette gjer at mange i dag fokuserer på å kvalitetssikre dei prosessane som går direkte mot kundane.

Utgangspunktet for å lukkast med å behalde kundane sine er at det ligg eit godt kvalitetssystem i botnen. Sjølvsagt kan ein lukkast med kundebehandlinga utan kvalitetssystemet, men oddsa blir reduserte.

Kvalitet vil for deg som operatør seie at du skal gjere ditt beste for å oppnå dei måla som du skal arbeide mot. Det vil seie at du må følgje instruksar og prosedyrar (arbeidsbeskrivingar) som er pålagt deg.

Standardisering av kvalitetskrava

Det er eit tydeleg behov for å få ei internasjonal standardisering av kvalitetskrava. Fleire land har i fleire år prøvd å lage ein kvalitetsstandard som alle kunne vere med på, og i 1986 fekk vi "International Organization for Standardization", ISO, med ein terminologistandard. Med terminologi meiner vi fagspråk, og med terminologistandard meiner vi eit fagspråk som vi alle kan forstå.Blant mange andre land er Noreg medlem av denne organisasjonen.

Kvalitet er lik kundetilfredshet

Kvalitet vil ikkje seie det dyraste og flottaste produktet eller tenesta, men det som tilfredsstiller det kunden spør etter og krev. Det betyr at ein vanleg mellomklassebil er kvalitet dersom han tilfredsstiller kunden sine krav, det må altså ikkje vere ein luksusbil i millionklassen.

Totalkvalitet

Med totalkvalitet eller total kvalitetsleiing meiner vi ein måte å leie ein organisasjon på som legg vekt på kvalitet basert på medverknad frå ALLE medarbeidarane. Målet er altså å føre organisasjonen mot totalkvalitet.

Kvifor har vi kvalitetssikringssystem?

Nokon har kvalitetssikringssystem fordi kunden og marknaden krev det, andre fordi dei ser at dei sjølve har nytte av det.

I tillegg til betre kvalitet vil eit godt kvalitetssikringssystem normalt òg betre økonomien.

Fordelar

  • betre produkt
  • betre produktivitet og vedlikehald
  • betre økonomi
  • betre tilgang til marknaden

Ulemper

  • store ressursar til å utvikle systemet
  • krev ressursar for drift
  • legg beslag på tid for alt personell involvert

Læringsressursar

Kvalitetsarbeid