Hopp til innhald

  1. Home
  2. Teknikk og industriell produksjonChevronRight
  3. ElektrisitetslæreChevronRight
  4. BatteriChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Kopling og feilsøking: Spenning

  1. Du skal seriekople to batteri, storleiken er 12 Volt og 60 Ah. Kor stor blir spenninga og kapasiteten i koplinga?
  2. Du skal parallellkople to batteri, storleiken er 12 Volt og 60 Ah. Kor stor blir spenninga og kapasiteten i koplinga?
  3. Du skal hjelpe ein venn med å starte bilen. Du veit at bilen har eit svakt batteri, så du har med eit ekstra startbatteri. Vil du seriekople eller parallellkople startbatteriet med batteriet til bilen? Grunngi svaret ditt.
  4. Kva er forskjellen på klemmespenninga (U) og den elektromotoriske spenninga (E) til batteriet?
  5. Kvifor må vi unngå å få batterisyre på klede eller hud når vi arbeider med bilbatteri?
  6. Lyset frå lampene i hytta er svakt. Etter ein lang fisketur ute på det vesle fjellvatnet kjem de tilbake til hytta, fyrer opp i peisen og får det litt koseleg på ein regnvêrsdag. Dei tre aurane som de fekk, blir steikte, og framfor TV-en skal måltidet nytast! Det går ikkje mange minutta før TV-en koplar ut og lyset i lampene blir tydeleg svakare. Solstraum er ikkje alltid til å stole på!

a) Kva er årsaka?


b) Korleis kan du kontrollere kor mykje solcellepanelet ladar? (Bruk multimeter.)


c) Korleis kan du kontrollere tilstanden til batteriet?


d) Eit batteri er påstempla 12 V/60 Ah. Kor lenge kan du ha på TV-en som trekkjer 100 W?


e) Korleis kan kapasiteten på hyttestraumen aukast?

Læringsressursar

Batteri

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Galvaniske element – straum frå kjemiske stoff

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter