Hopp til innhald

  1. Home
  2. Teknikk og industriell produksjonChevronRight
  3. ElektrisitetslæreChevronRight
  4. BatteriChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Batteri

Batteri blir brukte til å lagre elektrisk energi.

Spenningskjelder
Det er fleire måtar å lage spenning på. Når vi greier håret, merkar vi ofte at det gnistrar litt. Nokre gonger får vi støyt når vi tek i eit dørhandtak; da kan spenninga vere mange tusen volt (høg spenning, men liten straum).

Ei spenningskjelde er ei eining som har eit positivt ladd og eit negativt ladd tilkoplingspunkt, og som har ein viss spenningsforskjell mellom tilkoplingspunkta.
Vi kan ha mange ulike spenningskjelder. Batteri, solceller og generatorar er eksempel på dette.

Batteri
Batteribruken har i våre dagar fått ein kraftig oppsving. Det er utvikla nye typar som er betre og meir effektive. Dei lèt seg lade opp att mange hundre gonger, dei er blitt mindre og kan levere meir straum. Prisen er heller ikkje avskrekkande. Bilbatteri og fritidsbatteri må haldast ved like.

Vi må kontrollere væskenivået og eventuelt etterfylle med reinsa vatn. Polane må bli reingjorde og smurde. Det er litt arbeid, men då har vi glede av batteriet lenger.

Når batteri må kasserast, skal nokre typar deponerast, slik at ikkje syre og tungmetall kjem ut i naturen. Eit batteri er ei samankopling av fleire celler. Avhengig av kva stoff cellene er bygde opp av, får dei ulik spenning. Kvart metall har ei eigenspenning; nokre er positive og nokre negative når dei blir samanlikna med vatn.

Ved å seriekople celler aukar spenninga til batteriet. Ved å parallellkople celler aukar moglegheita til å trekkje ut meir straum.

Batteri kan innehalde miljøfarlege materiale
Kast ikkje batteri i naturen, dei kan innehalde stoff som kan skade miljøet vårt. Batteri skal leverast til ein godkjend oppsamlingsplass.

Batteri som kan ladast
Det finst i dag mange typar batteri som kan ladast opp, frå dei første nikkel-kadmiumbatteria (Ni-Cd) med liten kapasitet og stor storleik til dei nyaste litiumbatteria som blir brukte i dag, har det vore ei rivande utvikling.

Blybatteri
Når vi skal ha batteri med større kapasitet, bruker vi blybatteri (blyakkumulator). Her skjer opp- og utlading ved ein kjemisk prosess. Blybatteri er mellom anna brukte i bilar, fly, maskinar, elektriske køyretøy og solcelleanlegg, og dei er sette saman av celler med negative og positive platesett, mellomlegg og batterisyre. Dei positive platesetta er laga av blyoksid. Dei negative platesetta er laga av bly. Mellomlegget er ein plasttype og har til oppgåve å hindre direkte kontakt mellom blyplatene. Batterisyra er fortynna svovelsyre.

Når vi belastar batteriet med ein forbrukar, skjer det ei utlading. Då trekkjer den reine svovelsyra inn i pluss- og minusplatene. Oksygenet i plussplatene trekkjer ut i batterivatnet. Når vi lader opp batteriet, tilfører straum, snur vi prosessen. Svovelsyre trekkjer ut i batterivatnet, og oksygen trekkjer inn i det positive platesettet.

Cellespenninga på eit blybatteri er 2 volt.
Seriekoplar vi fleire celler, aukar spenninga.
2 volt * 6 celler = 12 volt


Cellespenninga på blybatteriet er cirka 2 volt. Når vi seriekoplar fleire celler, aukar batterispenninga med cellespenning multiplisert med talet på celler.

Elektromotorisk spenning
Når batteriet er ubelasta (ikkje kopla til ein slutta krets), måler vi elektromotorisk spenning (ems), som for ei celle i eit fulladd batteri er 2,15 volt. Elektromotorisk spenning har symbolet E. Når batteriet leverer straum, måler vi klemmespenninga, som for eit fulladd batteri er 2 volt per celle. Klemmespenninga er lågare enn den elektromotoriske spenninga på grunn av indre resistans i batteriet. Den indre resistansen i eit batteri kan reknast ut med Ohms lov.

Kontrollerer du spenninga på eit batteri i ein bil der ingen forbrukarar er innkopla, måler du elektromotorisk spenning. For eit godt oppladd batteri er denne cirka 13 volt.

Farar med blybatteri
Arbeid med blybatteri kan føre med seg mange farar, og det kan oppstå skade på personen som arbeider med batteriet, eller i nærleiken av batteriet.

Etsande batterisyre les meir

Batteri inneheld fortynna svovelsyre (HO2So4). Batterisyra er etsande, og syresprut på huda fører til irritasjon. Syresprut i auget kan føre til at ein blir blind, og syresprut etsar hòl i klede.

Kortslutning/brann les meir

Batteri har liten indre resistans og kan derfor levere store straumstyrkar, mellom 500 og 600 ampere. Dersom det blir direktekontakt mellom pluss- og minuspolen, blir det kortslutning, og det kan føre til brann eller brannskadar på personen som held i gjenstanden som kortsluttar batteripolane.

Giftig bly les meir

Akkumulatorbatteriet inneheld bly. Bly er giftig, og vi må vere nøye med reinhaldet når vi arbeider med blybatteri. Små mengder bly i kroppen hindrar produksjon av raude blodlekamar. Vi må ikkje setje frå oss brukte blybatteri ute i naturen, men levere dei på bensinstasjonar eller andre godkjende oppsamlingsplassar.

Knallgass/eksplosjoner les meir

Ved opp- og utlading utviklar det seg gassar. I rett blanding med oksygen blir dette knallgass, og berre ein liten gneiste kan føre til kraftige eksplosjonar.


Kontroll og vedlikehald av blybatteri

Visuell kontroll
Kontroller om batteriet har skadar eller lekkasje.

Batterisyre

Kontroll av syrenivået: Batterisyra skal stå cirka ein centimeter over cellene. Er det for lite syre, skal det etterfyllast med destillert vatn. Kontroll av densiteten til batterisyra: Det skal vere cirka 1,28 kg/l for eit fulladd batteri. Er batteriet utladd, er syrevekta låg. Er syrevekta under 1,20 kg/l, må batteriet ladast.

Batterispenning

Den elektromotoriske spenninga til batteriet seier oss ikkje så mykje om tilstanden til batteriet, derfor må vi kontrollere batteriet når det blir belasta, for å sjå kor mykje spenninga søkk.

Motor
En elektrisk motor er en motor som bruker elektrisk strøm til å skape roterende bevegelse.Les mer om motorer på Wikipedia:
Elektrisk motor

Læringsressursar

Batteri

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Galvaniske element – straum frå kjemiske stoff

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter