Hopp til innhald

Teknologi- og industri

    Materiallære

    Materiallære er læra om eigenskapane til ulike materiale og korleis ulike materiale blir tilarbeidde eller framstilte. I fleire tusen år har denne kunnskapen blitt brukt til å utvikle og lage ulike produkt og konstruksjonar.

    Tremateriale

    Tre er eit av dei eldste konstruksjonsmateriala vi kjenner til. I mange tidlegare kulturar blei trevirke mykje brukt, men etter kvart som trevirke blei vanskelegare å få tak i, blei det erstatta av andre materiale.