1. Home
  2. Teknikk og industriell produksjonChevronRight
  3. MateriallæreChevronRight
  4. MetallChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Metall

Frå gammalt av har ein delt grunnstoffa i metall og ikkje-metall. Av omtrent 118 grunnstoff er cirka 80 metall, men grensa mellom metalla og ikkje-metalla er ikkje skarp. I dette emnet får du lære meir rundt legeringer, formbarhet, ledeevner for strøm og varme og ulike typer metaller.

En arbeidstaker setter en ingot av platina inn i en boks. Foto.

Grunnstoff

Metalla er den største gruppa av grunnstoff. Både i fast og flytande tilstand har alle reine metall ein karakteristisk metallglans. Dei er grå eller sølvkvite med unntak av kopar som er raudbrunt, og gull som er gult. Karakteristisk for metalla er òg at dei er ugjennomsiktige.

Plastisitet og styrke

Dei fleste metalla er seige og lèt seg hamre eller valse til tynne plater og trekkje ut til tynne trådar. (Kjelde: Store norske leksikon)

Dei leier varme og elektrisitet, både i fast og flytande tilstand. Dette kjem av at atoma blir haldne saman av sterke krefter.
Årsaka er at dei har «mist» elektron som svevar fritt imellom atoma. I ei metallisk binding har atoma mist elektrona og blir positivt elektrisk ladde. Eigentleg vil derfor atoma fråstøyte kvarandre som to like magnetpolar, men dei negative elektrona svevar omkring og knyt det heile saman som «lim». Kreftene som held atoma saman, er så sterke at tråd så tjukk som veslefingeren din kan halde ei last på 15 tonn. Vi kan lage legeringar som klarer både meir og mindre.

Legaringar

Reine metall blir sjeldan brukte aleine, men blir ofte blanda med fleire typar av metalliske grunnstoff i såkalla metallblandingar/legeringar. Årsaka til dette er behovet for å oppnå bestemte eigenskapar i sluttmetallet. I grove trekk kan vi seie at ei legering er ei blanding av metall (to eller fleire stoff der eitt er eit metallisk stoff). Legeringa får andre eigenskapar enn dei opphavlege metalla kvar for seg.

Leier straum

Det er på grunn av dei frie elektrona at metalla leier elektrisk straum. Set vi eit elektrisk spenningstrykk over ein metallstav eller ein kabel, vil dei frie elektrona strøyme mot positiv pol.

Metallet sine eigenskap

Det er vanleg å dele metalla i

  • lettmetall og tungmetall

Vidare blir metalla delte i

  • edle og uedle metall, avhengig av evna dei har til å reagere med oksygen.

Læringsressursar

Metall

SubjectEmne

Fagstoff