Hopp til innhald

  1. Home
  2. Teknikk og industriell produksjonChevronRight
  3. MateriallæreChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Materiallære

Kunnskapen om eigenskapar til materiale, moglegheiter for omarbeiding og bruk av dei har gjennom fleire hundreår vore grunnlaget for utvikling og framstilling av forskjellige konstruksjonar og produkt.

Metall har spelt ei viktig rolle for alle høgkulturar som vi kjenner gjennom historia. Dei tidlegaste funna av metall var klumpar av gull, og desse blei stort sett brukte til smykke.

Bronsealderen

Omkring år 2000 f.Kr. lærte folk i Asia å framstille kopar og tinn til ei legering som fekk namnet bronse. Derav har vi namnet bronsealderen. Bronsen blei ikkje ”oppdaga” i Norden før omkring år 1500 f.Kr.

Jernalderen

År 1500 f.Kr. blei det oppdaga at jern kunne bli smidd og omarbeidd slik at det blei sterkare enn bronse. Då begynte jernalderen. Ei stadig utvikling av materiale og ikkje minst omarbeidingsprosessar har vore viktig for utviklinga i samfunnet.

Mange materialtyper

Eksempel på materialtypar er metall, stål, tre, kompositt, plast, gummi, tekstil, hud, stein og glas. I samfunnet i dag har vi lært oss å utnytte mange materiale, og ikkje minst i bilproduksjonen har plast og lettmetall overteke mykje av den plassen jernet hadde. Men jern er framleis det viktigaste bruksmaterialet vi har.

Emner

Materiallære

  • Metall

    Metalla er den største gruppa av grunnstoff. Dei leier varme og elektrisitet, både i fast og flytande tilstand.

  • Stål

    Stål er ei legering av jern og karbon som kan smiast, og som kan ha eit breitt spekter av eigenskapar avhengig av produksjonsprosess, varmebehandling og samansetjing.

  • Aluminium

    Aluminium − det viktigaste metallet i vår tid. Kvifor er aluminium blitt så populært?

  • Tremateriale

    Tre er eit av dei eldste konstruksjonsmateriala vi kjenner. Etter kvart som trevirke blei vanskelegare å få tak i, blei det erstatta av andre materiale.

  • Plastmateriale

    Plast er ein fellesnemnar på ei stor materialgruppe. Dei ulike typane plast har ei rekkje fellestrekk.

  • Kompositte materiale

    Kompositt er ei blanding av ulike materiale. Blandinga gjer at produktet får betre eigenskapar.

  • Sponfråskiljande omarbeiding

    Sponfråskiljande omarbeiding er eit fellesnamn på prosessen som sørgjer for å fjerne materiale (spon) frå arbeidsstykke. .

  • Fresing

    Prinsippet for fresing er at arbeidsstykket blir mata mot det roterande verktøyet. Dette kan utførast på to måtar.

  • Dreiing

    Dreiing er ein metode for forming og omarbeiding av anten metall-, plast- eller trematerialar.

  • Samanføying

    Alle metodane som føyer noko saman, inngår i gruppa samanføying. Det kan vere å sveise, lime, lodde, nagle eller skru noko saman.

  • Sveising

    Sveising er ein metode for samanføying av delar av metall eller plast.