Hopp til innhald

Teknologi- og industri

    HMS for eleven

    Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er vesentleg for kvar ei bedrift, stor eller lita – også for deg som elev på skulen din. Ein triveleg, trygg og sikker skule er eit godt utgangspunkt for læring.

    Sikkerheit

    Med S-en i HMS-omgrepet meiner vi sikkerheit for person, prosess og produkt. I HMS-samanheng blir ordet ofte brukt i samband med hendingar. Med hendingar meiner vi akutte situasjonar, enkeltsituasjonar eller enkeltjobbar som skal gjerast.