Hopp til innhald

  1. Home
  2. Teknikk og industriell produksjonChevronRight
  3. Utkøyring av tømmerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Utkøyring av tømmer

I dag skjer transporten av tømmer frå hogstplassen og fram til lunneplassen stort sett ved hjelp av lassberar, men andre metodar er også i bruk, som tømmertransport ved hjelp av traktor med vinsj eller tømmerhengjar og kran, eller ved å bruke hest.

Tømmerhogst med lassbærer i Nordmarka. Foto.
Tømmerdrift med lassberar i Nordmarka

Lassberar

Det er ei krevjande oppgåve å transportera tømmeret frå hogstplassen og fram til lunneplassen. Bratt og ulendt terreng, blaute myrar og andre variasjonar i køyreforholda stiller ofte store krav til både utstyret og maskinføraren. I dag vert tømmeret køyrt ut med lassberarar, ei spesialmaskin bygd for å transportera tømmeret fram til lunneplassen på hjul. Dette er viktig for å unngå at tømmeret vert tilgrisa.

Ein lassberar består av to hovuddelar, ein framdel med førarplass og motor og ein bakre del der tømmeret vert lagt. På den bakre delen er det montert ei kran til lessing og lossing av tømmeret. Styringa av maskina skjer i eit ledd på midten. Framdelen og den bakre delen kan også bevega seg sidevegs uavhengig av kvarandre. Det er nødvendig for å kunna ta seg fram i ulendt terreng. Lassberaren kan ha åtte hjul, med boggi både på framdelen og den bakre delen. Hjula er utstyrte med kjettingar eller belte for sikker køyring og god framkomst.

Skal du verta ein dyktig lassberarførar, må du ha god opplæring. Særleg krev handteringa av krana mykje øving, helst å ein trygg og sikker plass, før du kan begynna å køyra ute i terrenget.

Traktor

Traktor med vinsj

Traktoren er framleis i bruk til utkøyring av tømmer, særleg når det er mindre kvantum som skal transporterast. Å bruka traktoren er aktuelt for gardsskogeigarar som høgg og køyrer tømmer i eigen skog. Ein vinsj kan monterast bak på traktoren. Tømmeret vert vinsja bort til traktoren, og traktoren sleper deretter tømmeret etter seg ut av skogen. Fordelen med denne metoden er at gardbrukaren med nokre tilpassingar av traktoren kan køyra tømmer utan å investera stort i utstyr.

Tømmeret kan kappast ute i skogen før det vert køyrt ut, eller på velteplassen.

Landbrukstraktor som sleper tømmer. Foto.
Landbrukstraktor med vinsj

Tømmerhengar og kran

Har vi ein tømmerhengar til traktoren, kan vi køyra større lass ut av skogen om gongen. Ein annan fordel med denne metoden er at tømmeret ikkje vert slept langs bakken, og vi unngår dermed at tømmeret vert skitna til av sand og jord. Ein tømmerhengar er ei større investering enn ein vinsj, men er billigare enn ein lassberar. Dette utstyret kan også brukast dersom vi skal samla saman kvist og hogstavfall som skal hoggast opp til flis.

Traktor med tømmerhenger og kran. Foto.
Traktor med tømmerhengar og kran

Hesten

Traktoren vart teken i bruk i skogbruket i 1950-åra. Før dette var hesten den viktigaste trekkrafta for transport av tømmer. Sjølv om traktoren og lassberaren står for størstedelen av transporten i dag, er hesten framleis i bruk. Mange driv skogbruk i mindre omfang, med utkøyring av både tømmer og ved. Har ein tilgang til og interesse for hest, kan dette vera eit godt alternativ som trekkraft. Nokre få har også tømmerdrift med hest som ein leveveg.

Skal du bruka hest til utkøyring av tømmer, krev det at du har ein godt trena og veldressert hest. Hesten må vere vand til å bevega seg i terreng, og du må kunna vera trygg på rørslene til hesten, elles vil det kunna oppstå farlege situasjonar. Det er viktig å velja rett hesterase, og fjordingen og dølahesten er vanlege til tømmer- og vedkøyring.

Vanlege reiskapar til slik køyring er bøyledrag, støtting eller «bukk og geit». Underlaget avgjer kva reiskap som kan brukast. Reiskapen må vera lett for hesten å dra, og enkel for køyraren å betena ved på- og avlessing.

Tømmertransport med hest fra hogstfelt. Foto.
Tømmertransport med hest i hogstfelt

Læringsressursar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Brennstoff til motorar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Start og stopp av forbrenningsmotorar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Elektriske motorar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Traktoren

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Minigravar, minilastar og gaffeltruck

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    ATV og snøskuter

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hogstmaskiner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Lassberar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for fagstoff.

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Smørjing av maskiner og motorer

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppsummering vedlikehald av motorar og maskiner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for oppgaver og aktiviteter.