Hopp til innhald

  1. Home
  2. Teknikk og industriell produksjonChevronRight
  3. ForbrenningsmotorarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Forbrenningsmotorar

Forbrenningsmotorar vert brukte til mange forskjellige føremål. Dei vanlegaste drivstoffa er bensin og diesel. Ein viktig faktor ved motoren er verknadsgraden, som fortel kor mykje av energien i drivstoffet som vert gjort om til arbeid.

Forbrenningsmotorar kan arbeida etter ulike prinsipp. Vi deler dei gjerne inn i totaktsmotorar og firetaktsmotorar, etter korleis arbeidsprosessen i sylinderen går føre seg.


Motorryddesag. Foto.
Ryddesaga er ein liten og lett reiskap totaktsmotor.

Totakts bensinmotorar

I mindre og lette maskiner og reiskapar som motorsager, ryddesager og grastrimmarar finn vi totaktsmotorar. Totaktsmotoren gjennomfører arbeidsprosessen på to takter. Han har ei enklare oppbygging enn firetaktsmotorar, er lett i vekt og eignar seg derfor til små maskiner og handhaldne reiskapar. Vi må alltid hugse på at totaktsmotoren skal ha oljeblanda bensin om ikkje anna er nemnt i instruksjonsboka.

Firetakts bensinmotor (ottomotor)

Påhengsmotor på gul båt. Foto
Større påhengsmotorar er firetaktarar.

Ottomotoren var det opphavlege namnet på motoren, etter oppfinnaren Nikolaus Otto. I 1877 fekk Otto patent på ein motor som arbeidde etter firetaktsprinsippet. Her skjer arbeidsprosessen i løpet av fire takter. Motoren vert til vanleg driven med bensin, men kan også gå på andre lettennelege brennstoff. Brennstoff blanda med luft vert leidd inn i sylinderen. Så vert blandinga komprimert ved at han vert sett under trykk, og tenner ved hjelp av ein gneist frå ein tennplugg. Firetaktsmotoren vert brukt i personbilar, motorsyklar, plenklipparar og påhengsmotorar.

Firetakts dieselmotor

Lastetraktor med tømmer. Foto
Større arbeidsmaskiner går ofte på diesel.

Dieselmotoren har namn etter oppfinnaren Rudolf Diesel (1858–1913), som i 1892 tok patent på motoren. Dieselmotoren vert til vanleg driven med dieselolje. Motoren kunne arbeida med høgare kompresjon (luft som vert pressa saman i sylinderen). Dette gav høgare temperatur i sylinderen. Brennstoffet vart sprøytt inn i sylinderen med stort trykk og sjølvtende. Dieselmotoren arbeider etter firetaktsprinsippet, på same måten som firetakts bensinmotor. Der er likevel ein del forskjellar mellom dei to motorane. Dei bruker ulikt brennstoff, og dieselmotoren treng ikkje tennpluggar til å tenna luft-/brennstoffblandinga, sidan dieselmotoren sjølvtenner. Dieselmotoren arbeider med eit stort luftoverskot (oksygen), det gir ei betre utnytting brennstoffet. Verknadsgraden er høgare for dieselmotoren enn for bensinmotoren (sjå verknadsgrad). Dieselmotoren vert brukt i større maskiner og køyretøy.

Sjå korleis mange ulike motorar verkar hos animatedengines.com

Verknadsgrad

Verknadsgraden til motoren er eit uttrykk for kor stor del av energien (brennstoffet) vi tilfører, som kan gjerast om til nyttig arbeid. Verknadsgraden gir vi opp i prosent. Det er stor forskjell mellom motortypane:

  • totakts bensinmotor: ca. 20 prosent
  • firetakts bensinmotor (ottomotor): 30–35 prosent
  • firetakts dieselmotor: 38–45 prosent (avhengig av motorkonstruksjonen)

Kvar skjer med den tapte energien? Det meste forsvinn som varmetap i eksosen og kjølesystemet, og noko går tapt gjennom friksjon i motoren.

Når vi skal skildra kva ein motor yter (effekten), bruker vi i dag eininga kW (kilowatt). Tidlegare brukte vi hk (hestekrefter): 1 hk = 0,736 kW

Hugselappen:

  • Brennstoff tenner i sylinderen.
  • Eksplosjonen set stempelet i rørsle.
  • Rørsla vert overført til ein veivaksel.

Læringsressursar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Brennstoff til motorar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Start og stopp av forbrenningsmotorar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Elektriske motorar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Traktoren

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Minigravar, minilastar og gaffeltruck

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    ATV og snøskuter

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hogstmaskiner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Lassberar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Utkøyring av tømmer

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for fagstoff.

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Smørjing av maskiner og motorer

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppsummering vedlikehald av motorar og maskiner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for oppgaver og aktiviteter.