Hopp til innhald

  1. Home
  2. Teknikk og industriell produksjonChevronRight
  3. FlytskjemaChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Flytskjema

På den same måten som kart og kompass hjelper oss å navigere i ukjent terreng for å komme fram til målet, gir flytskjemaa oss moglegheiter til å lære prosessane å kjenne før vi går ut i fabrikken.

Eksempel på flytskjema - destillasjon av råolje
Eksempel på flytskjema - destillasjon av råolje

Eit av dei viktigaste hjelpemidla vi har for å forstå prosessar, er flytskjema. Desse gir ei grafisk framstilling av prosessen. Einingsoperasjonar blir som oftast framstilte som boksar eller enkle teikningar av prosessutstyr, og desse er kopla saman med linjer som viser transportretninga.

Eit flytskjema er ein skjematisk presentasjon av ein prosess.

At presentasjonen er «skjematisk», betyr at det er ei symbolsk og forenkla framstilling. Det er viktig at flytskjemaa ikkje blir for detaljerte, for då misser ein lett oversikta. Sidan det jo nettopp er oversikt ein vil ha, bør vi derfor alltid forenkle så mykje som mogleg. Ein annan type diagram som blir mykje brukt i industribedrifter, blir kalla P&ID (teknisk flytskjema). I motsetning til den typen flytskjema vi ser på her, skal eit P&ID vere så detaljert som mogleg.

Vanlige symboler

Når du teiknar flytskjema, er hensikta å skaffe ei oversikt over prosessen og kunne sjå samanhengen mellom dei ulike einingsoperasjonane. Flytskjemaa kan ein teikne med boksar (med ein beskrivande tekst inne i boksen) eller med enkle symbol som førestiller dei ulike prosesseiningane.

I tabell 1 finn du ei oversikt over nokre vanlege symbol som blir brukte i kjemisk prosessindustri. Det finst mange fleire, men ofte bruker ein berre firkanta boksar. Det viktigaste er at flytskjemaet er enkelt å forstå!

SymbolForklaring
Tabell 1: Vanlige symboler i prosessflytskjema
Flytskjema: transportretning
Indikerer koplingar og transportretning mellom prosesseiningar. Transporten kan for eksempel skje i røyr eller på transportband.
Flytskjema: Ventil
Ventil
Flytskjema: Sentrifugalpumpe
Sentrifugalpumpe
Flytskjema: Kompressor
Kompressor
Flytskjema: Tank (åpen)
Tank (open)
Flytskjema: Tank (lukket)
Tank (lukka)
Flytskjema: Mikser
Miksar
Flytskjema: Destillasjonstårn
Destillasjonstårn
Flytskjema: Absorbsjonstårn eller reaktor
Absorpsjonstårn eller reaktor
Flytskjema: Reaktor med røring og kjøling/oppvarming
Reaktor med røring og kjøling/oppvarming
Flytskjema: Varmeveksler
Varmevekslar

Læringsressursar

Flytskjema

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Fordøyelsesprosessen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for fagstoff.

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter