Hopp til innhald

  1. Home
  2. Teknikk og industriell produksjonChevronRight
  3. MaskinelementChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Maskinelement

Ein maskin består av mange ulike komponentar, og vi kallar gjerne dei ulike mekaniske delane maskinelement.

Rader av kulelager. Foto.
Rader av kulelager
Skråstilt aksialstempelmotor. Foto.
Skråstilt aksialstempelmotor

Maskinelementa kan delast inn i tre hovudgrupper:

  • Brytarar og måleinstrument
  • Delar som overfører rørsle
  • Konstruksjonsdelar

Vi skal sjå nærmare på konstruksjonsdelar, for eksempel rammedelar, lager, akslingar og skruar. Vi skal òg sjå litt på delar som overfører rørsle, desse kallar vi transmisjonar.

Emner

Maskinelement

  • Gjenge

    Gjenge er eit tema ein mekanikar må kunne mykje om. Det er ikkje berre på skruar vi har gjenge. Dei blir òg nytta i ei rekkje andre samanhengar.

  • Måling

    I industrien blir mange typar måleverktøy og målemetodar nytta. Kva type måleverktøy som skal nyttast, er avhengig av kor nøyaktig produktet som skal produserast, skal vera.

  • Industrielle prosesser kan ikkje regulerast utan at vi målar kva som skjer. Tenk deg at du skal halde riktig fart på ein bil der speedometeret ikkje verkar.

  • Fagmessig utført reparasjons- og vedlikehaldsarbeid minkar risikoen for maskinhavari. Viktig både for personalet si sikkerheit og verdiane til bedriften.

Læringsressursar

Maskinelement