Kva livsstil vi har, er eit resultat av kva moglegheiter vi har å velje mellom, og kva val vi gjer.

Vi gjer ei rekkje val kvar einaste dag. For eksempel: Vi kan velje å ha eit sunt eller eit mindre sunt kosthald. Vi kan i mange tilfelle velje om vi vil vere fysisk aktive. Vi kan gå eller sykle til skulen eller ta buss. Vi kan velje å gå tur eller drive idrett, men vi kan òg velje å la vere. Vi har tilgang på ulike rusmiddel og tobakk, men vi kan velje å ikkje bruke slikt.
Livsstil og helse heng saman. Å halde ved like god helse gjennom livet inneber å gjere riktige val med tanke på livsstil. Den enkeltfaktoren som har mest å seie, er fysisk aktivitet. Men kosthald, rusmiddel, søvnrytme og psykososiale forhold er òg viktigeh. I tillegg har det mykje å seie å kunne bruke kroppen riktig og å unngå å utsetje seg for skadar.
Emner
Helse og livsstil
Trening og helse
KjernestoffTrening er ein viktig faktor du lett kan gjere noko med for å ta vare på eiga helse.
Idrettsskadar
KjernestoffKunnskap om førebygging av idrettsskadar gjer at det blir færre av dei, fordi måten ein gjennomfører aktivitetane på, har så mykje å seie.
Uheldige sider ved trening
KjernestoffEit stort fokus på trening og kropp, gjer at treninga ikkje lenger er helsefremmande for alle.
Ergonomi
KjernestoffOrdet ergonomi kjem frå dei greske orda ergon, som tyder arbeid, og nomos, som tyder naturlov.