Hopp til innhald

  1. Home
  2. KroppsøvingChevronRight
  3. Treningsplanlegging VG3ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Gjennomføring og vurdering

Planleggingsfasen er no over, og du skal ut og trene. Det beste er dersom alt går slik du har planlagt. Det vil likevel alltid vere lurt å vurdere det du held på med, det er ei form for kvalitetssikring for å nå måla sine.

Landhockeyspillere i samtale med trener. Foto.
Gjennomføring og vurdering.

Gjennomføring

Klatrer foran klippevegg. Foto.
Fungerer treningsopplegget ditt som forventa?

Prøv å få gjennomført det du har planlagt. Har du sett opp for mange eller for få øvingar, må du justere planane til neste gong. Før derfor logg over treninga di.

Skal du betre forma, må du trene så hardt at du kjenner at du blir sliten. Det er derfor viktig at du på slutten av økta føler at dette er tungt, så tungt at du nesten ikkje orkar å gjennomføre det du har planlagt. Først då gir du kroppen signal om at han skal tilpasse seg − og då gjer han det. Dette følgjer prinsippa om overbelastning, tilpassing og progresjon.

Er du i dårleg form ein dag, treng du ikkje å trene så hardt. Finn då alternative måtar å trene på. Lytt til kroppen, og juster planane dersom det er behov.

Etter kvar økt du gjennomfører, er det lurt å notere kva som gjekk bra, og kva som ikkje fungerte. Bruk gjerne treningsdagboka som ligg i lenkjesamlinga på denne sida. Merkar du nokon framgang, føler du at du er på riktig veg i forhold til målsetjinga di? Ønskjer du å justere planane, kan du gå inn i treningsplanleggjaren og gjere endringane.

Vurdering

Trener og storslalomløper i skiløype. Foto.
Må noko justerast? Leif Kristian Haugen og trenar Marius Arnesen diskuterer storslalomløypa i Sölden.

Har du oppnådd noko med treninga di? Vurder trening du gjennomfører: Fungerer opplegget ditt som venta, eller bør du justere på noko?

Vurdering av økta

Bruk ei treningsdagbok, eit skjema du kan bruke til å føre logg over treninga di. Skjemaet er sjølvinstruerande og eit godt hjelpemiddel til å vurdere treningsopplegget ditt. Vurder kvar enkelt økt med tanke på dette:

Filer

  • Tid: Noter tida du brukte på kvar av dei ulike eigenskapane, for eksempel 30 minutt styrke og 30 minutt uthald.
  • Karakter: Gi deg sjølv ein karakter på ein skala frå 1 til 3. 3 er ei topp økt!
  • Noter eventuelle avvik frå planane med tanke på intensitet, skadar, sjukdom og andre forhold som hadde innverknad på gjennomføringa.
  • Eventuelle testresultat må du hugse å føre på.

Vurdering av perioden

Etter treningsperioden bør du gå inn i dagboka og vurdere perioden som heilskap. Har du nådd måla du sette deg? Eller blei det heile ein fiasko, eller kanskje kom du lenger enn det du hadde sett som mål? Bruk treningsprinsippa når du skal vurdere: Var belastninga tilpassa deg? Vurder lengda på treningsøktene, vurder hyppigheit, og ikkje minst må du vurdere intensiteten på øktene, var han tilpassa deg? Denne vurderinga er eit viktig hjelpemiddel når du skal planleggje ein ny periode.

Les meir om intensitet og intensitet ved utholdenhetstrening

Læringsressursar

Treningsplanlegging VG3

SubjectEmne

Fagstoff