Hopp til innhald

  1. Home
  2. KroppsøvingChevronRight
  3. Treningsplanlegging VG3ChevronRight
  4. PeriodeplanChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Periodeplan

Du skal no lage ein plan for ein periode. Dersom du er nybegynnar, vil det vere lurt å lage ein plan for berre nokre få veker. Set opp eit mål for perioden, og finn ut kva aktivitetar som passar for deg.

illustrasjon av en månedskalender, skjermdump av en måned
Biletet viser månadsvising i treningsplanleggjar.

Målsetjing

En høydehopper stryker over lista
Set opp eit mål for treningsperioden.

Set deg eit mål for perioden. Målet må vere realistisk, og det må vere noko du ønskjer å arbeide mot.

På førre sida fekk du ei innføring i korleis du vurderer din eigen kapasitet. Det peiker seg her ut målområde du skal konkretisere.

Mål for perioden kan for eksempel vere:

  • betre skotteknikk i basket
  • trening av styrke for handballspelarar
  • betre aerob uthald
  • trening av koordinasjon og balanse

Hovudaktivitetar

Kvinne løper. Foto.
Beskriv hovudaktiviteten på dei dagane du skal trene.

Neste trinn vil vere å setje inn aktivitetar på dei ulike dagane. Hovudaktivitetane må ha ein klar samanheng med målet for perioden.

Når du skal velje hovudaktivitetar, og når du skal planleggje kor ofte du skal gjennomføre trening, bør du bruke treningsprinsippa aktivt.

Hovudaktivitet på øktene kan for eksempel vere:

  • springing, kortintervall
  • fotballtrening
  • symjing, samanhengande langkøyring
  • teknikk, skot i fotball
  • aerobic
  • eventuelle testar og kontrolltiltak i starten på og i slutten av perioden

Les meir om periodeplanlegging, intensitetssoner og intensitet ved utholdenhetstrening

Filer

Læringsressursar

Treningsplanlegging VG3

SubjectEmne

Fagstoff