Hopp til innhald

  1. Home
  2. KroppsøvingChevronRight
  3. Treningsplanlegging VG3ChevronRight
  4. PlanleggingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Planlegging

Toppidrettsutøvarar lagar seg planar som går over fleire år, og som deretter blir delte opp i år og periodar. Dei planlegg treninga si mot ein formtopp avhengig av type idrett og nivå dei er på. Dette er ein omfattande prosess du ikkje bør setje i gang med aleine utan kunnskap på området.

Ung mann bruker ein datamaskin. Foto.
Planleggje trening over ein lengre periode.

Her skal du få ei innføring i korleis du planlegg trening for ein kortare periode. Planane skal bidra til ansvar for eiga læring og eiga trening.

Kva krav stiller aktiviteten du skal planleggje for (arbeidskravsanalyse)?

  • Dersom du ønskjer å trene for ein bestemt idrett, kan du gjere ei form for arbeidskravsanalyse.

Arbeidskravsanalyse

Ein arbeidskravsanalyse (langrenn) inneber at du skal kartleggje dei ulike krava som idretten eller aktiviteten stiller til deg som utøvar. Det vil vere snakk om krav til:

  • fysiske eigenskapar som uthald, styrke, spenst, hurtigheit og rørsleevne
  • koordinasjon og teknikk
  • psykiske eigenskapar
  • taktikk og samspel
  • sosiale eigenskapar

Det er vanskeleg å definere dei ulike krava, og det er vanskeleg å måle/gradere dei på ein skala. Det vil vere ulike krav for dei ulike aktivitetane, for eksempel vil arbeidskrava til ein skiløpar og ein fotballspelar vere forskjellige. Begge aktivitetane vil ha krav til eigenskapen uthald, men vi snakkar òg om ulike typar uthald. Enkelte aktivitetar er i tillegg samansette, og i for eksempel fotball varierer arbeidskrava etter kva plass du har på banen.

Du kan først for eksempel gjennomføre ei vurdering av dei fysiske arbeidskrava i idretten din. Vurder kravet om uthald, kva type uthald krev idretten din? Ta for deg styrke, rørsleevne, spenst, hurtigheit mfl. All aktivitet vil innehalde ulike element, du må vurdere kva for nokre og i kor stor grad dei er viktige for aktiviteten din.

Det vil vere ein positiv prosess å gjere ei form for analyse, det vil gi deg ei forståing av den aktuelle idretten. Søk hjelp hos fagpersonar dersom du strever med å vurdere eigen idrett eller aktivitet.

Dersom du driv konkurranseidrett på eit høgt nivå, bør trenar saman med deg definere kva krav som gjeld.

Kvar står du i forhold til krava (kapasitetsanalyse)?

  • Når du har funne ei oversikt over kva krav som gjeld for idretten din, vil neste skritt vere å sjå kvar du står i forhold til desse krava. Då må du utføre ein kapasitetsanalyse.

Kapasitetsanalyse

Ein kapasitetsanalyse inneber at du skal kartleggje kvar du er i forhold til arbeidskrava. Du skal vurdere eigne sterke og svake sider. Då vil du få ein pekepinn om kva du skal trene meir på for å betre prestasjonane dine innanfor den aktiviteten du trenar for. Kor stor kapasitet har du for eksempel på spenst i forhold til kva som er kravet i aktiviteten din? For å finne ut dette kan ein bruke testar, samtalar med trenarar og fagpersonar eller gjere eigne vurderingar.

I lenkjesamlinga ligg nokre testar på grunnleggjande basisferdigheiter innanfor uthald, hurtigheit, styrke og spenst. Dersom du har konkrete arbeidskrav å samanlikne med, for eksempel fysiske krav ved opptaksprøve, kan resultata frå testane vere eit uttrykk for kapasiteten din.

Kva mål skal du setje deg?

Det er viktig å kunne setje seg nokre mål, dei kan vere både langsiktige og kortsiktige. Det er ein motivasjonsfaktor å kunne oppleve å nå måla sine, då flytter du grensene litt for kvar gong. Bruk litt tid på å setje opp mål for treninga di.

Mål for treninga

Når du samanliknar krava i aktiviteten med din eigen kapasitet, vil du kunne sjå kva eigenskapar du treng å trene på for å bli ein betre utøvar. Her må du vidare gjere eit val, ein kan ikkje gripe tak i alle eigenskapane samtidig. Du bør setje deg mål du har moglegheita til å nå. Konkrete mål for treninga gjer at ein har noko å strekkje seg etter, og det kan verke motiverande. Du kan dele måla inn i:

  • Ferdigheitsmål:
    • Eit ferdigheitsmål kan vere: framgang i eigenskapen uthald, betre di eiga tid i eksempelvis ei testløype med 2 sekund, betre spensten på eiga testøving eller betre teknikken lay-up i basket, finne rytme og flyt og score 9 av 10 forsøk eller liknande.
  • Kunnskapsmål:
    • Eit kunnskapsmål kan vere: lære meir om reglane i spelet basket eller lære meir om taktikk i handball.
  • Mål for innsatsvilje og samarbeidsevne:
    • Mål for innsatsvilje og samarbeidsevne kan være å gjennomføre all trening med god innsats eller snakke meir med lagutøvarane i forsvar.

Når du har komme så langt at du har konkrete mål framfor deg, kan du setje deg ned og lage ein periodeplan.

Kort om treningsplanlegging

Læringsressursar

Treningsplanlegging VG3

SubjectEmne

Fagstoff