1. Home
  2. KroppsøvingChevronRight
  3. IdrettarChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Idrettar

Idretten si historie går fleire tusen år attende i tid. Kinesarane dreiv med idrett for 4000 år sidan, og dei gamle egyptarane dyrka idrettar som symjing, fisking, spydkast, høgdehopp og bryting. Den "moderne" idretten, derimot, oppstod først i Storbritannia på 1500-talet.

Sprinter står klar til start. Foto.

Dersom vi meiner at idrett er noko det er verdt å bruke tid og energi på, er det viktig at vi meistrar nokre sentrale teknikkar og spelereglar. Om vi i tillegg gjer det godt i konkurransar, med oss sjølve eller med andre, føler vi at det vi held på med er både morosamt og meiningsfullt.

I dag har vi mange ulike idrettar. Vi skal ta for oss nokre av dei: volleyball, innebandy, fotball, basket, frisbee, badminton, orientering og friidrett. Du skal få ei innføring i alle aktivitetane, og forslag til øvingar og variantar i spel. Vi håper stoffet gir inspirasjon, og at det kan hjelpe deg med å utvikle dugleikane og kunnskapane dine vidare.

Emner

Idrettar

  • Badminton

    Badminton er ein særs populær skuleidrett, som kan spelast ein mot ein eller to mot to.

  • Basket

    Basketball er ein populær skuleidrett, som set krav til god ballkoordinasjon.

  • Fotball

    Fotball er ein idrett dei fleste har et forhold til, og ein aktivitet dei fleste har fått prøve seg i.

  • Friidrett

    Friidrett kan oppsummerast med løp, kast og hopp, i ulike variantar, med ulike lengder og utstyr.

  • Handball

    Handball er ein utbreidd lagsport i Noreg.

  • Innebandy

    Innebandy er ein lagsport som passar godt som aktivitet i kroppsøvingsfaget.

  • Orientering

    Orientering er ein flott måte å trene uthald på, oftast i skogen, men det blir også ofte utøvd i byar og tettstader.

  • Turn

    Turn er ein idrett som set store krav til koordinasjon og øving. Apparatturn og troppsturn er to greiner innan turn.

  • Langrenn

    Langrenn er ein velkjent aktivitetsform om vinteren i Noreg. Vi skil mellom to måtar å gå på: diagonalgang og skøyting.

  • Volleyball

    Volleyball er ei av verdas største idrettar, og ein særs populær skuleaktivitet, som kan spelast både inne og ute.

  • Symjing

    Det er viktig å øve på å bli symjedyktig gjennom skulegangen. Symjing er ei god treningsform, som kan utførast med ulike teknikkar.