1. Home
  2. KroppsøvingChevronRight
  3. FriluftslivChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Friluftsliv

Friluftsliv og idrett er i nær slekt. Dei gamle egyptarane hadde faktisk fisking som ei av dei viktigaste idrettsgreinene! Å gå til fots eller på ski i skog og fjell, padle i kano eller kajakk, klatre i fjell eller styre eit hundespann – alt dette kan vere vel så krevjande som tradisjonelle idrettsaktivitetar.

ungdommer på fottur, krysser ei lita elv
Fottur.

Tidlegare, før det moderne samfunnet, budde nordmenn nær knytte til naturen. Jakt, fiske og sanking av det naturen gav, var nødvendig for å overleve. Dei måtte kjenne til kva plantar, bær, røter, tang og liknande som ein kunne ete. Med enkle middel fanga dei dyr og fisk.

Etter kvart endra busetjingsmønsteret seg. Industrialiseringa kom for fullt på slutten av 1800 - talet. Fleire flytta inn til byar og tettstader for å få seg arbeid.

Fridtjof Nansen og Roald Amundsen var og er førebilete for mange for korleis ein kan greie seg i naturen under ekstreme tilhøve med enkelt utstyr og god kunnskap.Det var ikkje nordmenn som dominerte friluftslivet i Noreg på slutten av 1800-talet og i byrjinga av 1900-talet. Rike utlendingar, særleg engelske og tyske, fiska, jakta og oppheldt seg i naturen for rekreasjonen si skuld. Dette var ikkje vanleg for nordmenn. På sine turar, same kvar det var, hadde nordmenn eit mål med turen. Dei fleste ”skusla” ikkje bort tida med å ta ein tur berre for turen si skuld.

Etter kvart som industrisamfunnet voks fram, vart fritid og fritidsaktivitetar meir vanleg. Den Norske Turistforening (DNT) vart stifta i 1868 for å gjere naturområda meir tilgjengelege. Også i dag har DNT ein sterk posisjon blant turgåarar og friluftselskarar i Noreg med sine over 200 000 medlemmer.

Allemannsretten som gir alle rett til å ferdast i naturen, vart lovfesta i 1957. Etter kvart som folk fekk meir fritid, vart det utvikla mange friluftslivaktivitetar i tillegg til dei tradisjonelle. Utbygging av alpinanlegg, surfing på kysten og hanggliding er døme på nye friluftsaktivitetar. I vårt langstrakte land seier det seg sjølv at det er store lokale variasjonar i korleis friluftslivet blir drive.

Emner

Friluftsliv

  • På tur

    Å komme seg ut i naturen og nærområdet er godt for kropp og sjel. For å leggje ut på ein lengre tur, bør du ha litt kunnskap om naturen, og om utstyr.

  • Sikkerheit på tur

    Å vere på tur i naturen er ikkje alltid berre solskin og fine forhold. For å ta vare på sikkerheiten din, bør du kunne litt om trygg ferdsel.