Hopp til innhald

  1. Home
  2. KroppsøvingChevronRight
  3. Fagfornyelsen 2020 – KroppsøvingChevronRight
  4. Fysiske og koordinative eigenskaparChevronRight
  5. ØvingsbankChevronRight
  6. StyrkeChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Styrke

Styrke er muskelen si evne til å utvikle kraft, og er ein viktig basiseigenskap. Å trene styrke er gunstig for helsa, og viktig for å prestere godt i ulike aktivitetar.

Menn på treningssenter løfter manualer. Foto.

Det er viktig å sørgje for å ikkje berre trene nokre få musklar. Ved balansert trening av mange ulike muskelgrupper er det lettare å unngå skadar. Om du til dømes trener brystmusklane, bør du samtidig sørgje for å trene ryggmuskulaturen. Trener du musklane i overkroppen, bør du også trene musklane i beina.

Du kan trene styrke på mange forskjellige måtar, og med ulikt utstyr.

Emne

Styrke

  • Øvingar med medisinball er ein effektiv måte å gjere spesielt øvingar som trenar kjernemuskulaturen, litt tyngre og meir utfordrande.

  • Fitnessball er eit hjelpemiddel du kan ta i bruk for å variere treninga di. Å bruke fitnessballen vil stille krav til balanse og tilpassa kraft.

  • Funksjonell styrketrening er samansette øvingar, som gjerne involverer store muskelgrupper og fleire ledd i éi og same øving.