Hopp til innhald

  1. Home
  2. KroppsøvingChevronRight
  3. Fair playChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Fair play

Fair play er ein del av kompetansen i kroppsøvingsfaget. Derfor er det òg ein del av vurderinga som læraren gjer når ho skal setje karakteren din. Å vinne i ulike aktivitetar er ikkje det viktigaste når ein speler i timen. Måten en deltek i spelet på, og at ein bidreg til at flest mogleg meistrar, er viktigare.

Unge jenter gir hverandre high-five under trening. Foto.

Når ein har ein kamp i til dømes fotball, volleyball eller handball på skulen, så handlar det ikkje om å vinne, men å ha ein kamp der alle får bidra og delta på mest mogleg like vilkår. Å vere «god» på fair play i kroppsøving handlar om å gjere kvarandre gode.

Du kan gjere ein annan god ved å forklare korleis dei skal spele eller øve, du kan gi andre gode «arbeidsforhold» ved å la dei få god tid til å få kontroll, og ved å oppmuntre til god innsats. Bruk reglane, ikkje berre slik dei er, men tillat òg litt «skjønn» om det fremmer andre.

Andre måtar å bidra på, kan vere å gjere nokre grep om du ser at det er ujamne lag, som til dømes å byte på laga slik at dei blir jamne, eller ikkje setje dei som er mindre gode i eit dårleg lys ved å «gjere ditt beste» mot akkurat dei.

Ha respekt for at alle har forskjellige utgangspunkt, ver en rettferdig med- og motspelar, og bidra til at alle som vil kan få ein god time, så har du forstått fair play.

Læringsressursar

Fair play