Hopp til innhald

  1. Home
  2. KroppsøvingChevronRight
  3. BasistreningChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Basistrening

Basistrening er ei samlenemning på trening ein utfører uavhengig av idrett. Ein kan dele det inn i styrke, uthald, koordinasjon, spenst, hurtigheit og rørsleevne. Ein kan trene ein eller fleire av desse eigenskapane for å betre prestasjon, ta vare på helsa, eller å kunne utføre kvardagslege aktivitetar.

Ungdommer praktiserer Tai-Bu. Foto.

I dette emnet kjem vi til å sjå på uthald og styrke, sidan dette er dei to viktigaste basiseigenskapane når det gjeld formålet med faget. Dette er viktige eigenskapar som ein treng med tanke på å kunne delta i dei fleste aktivitetar, men òg i et helseperspektiv.

Uthald gjer at du klarer å halde ut lenger i ein aktivitet, og kanskje gjer det enklare å ha ein høg innsats i aktiviteten de har i timen. Uthald vil òg kunne trene hjartet ditt om den blir trent på riktig måte, og er derfor viktig for å ta vare på helsa.

Styrketrening gjer at du lettare kan bruke kroppen din funksjonelt, og det har ein skadeførebyggande effekt.

Emner

Basistrening

  • Oppvarming

    Kva er oppvarming? Kvifor bør vi varme opp, og korleis gjer vi det? Du vil finna nokre svar på desse spørsmåla i dette emnet.

  • Uthald

    I kapitlet om utholdenhet får du vite hva utholdenhet er, hvorfor og hvordan du bør trene utholdenhet.

  • Spenst

    Kva er spenst? Kvifor skal vi trene spenst, og korleis skal vi gjere det?

  • Styrke

    I denne seksjonen blir temaet styrketrening presentert.

  • Rørsleevne

    Kort innføring i kva rørsleevne er.

  • Kva er teknikk, og kva er koordinasjon? Kvifor skal vi trene på desse eigenskapane, og korleis skal vi gjere det?