Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. YrkessituasjonarChevronRight
  4. Yrke: Barne- og ungdomsarbeidar i barnehageChevronRight
  5. Jostein er sjukChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Jostein er sjuk

Det er haust. Temperaturen blir lågare, og det har regna kvar dag den siste veka. Mange barn er sjuke. Nokon er heime, men nokon kjem til barnehagen også. I dag er Jostein sjuk. Nasen renn, og humøret er dårleg.

Sjuke barn krev meir av dei tilsette i barnehange. Emil prøver å ta godt vare på Jostein og er inne med han og nokre til medan dei andre leikar ute.

Far til Jostein ringjer og spør korleis det går: «Eg såg at han ikkje var heilt i form i dag, men eg kunne rett og slett ikkje vere heime frå jobb i formiddag. Men eg kan hente han no, om du vil?»

Diskuter kva Emil skal leggje vekt på når han svarer far til Jostein. Kvar kan Emil finne råd? Kva omsyn ville du ha teke? Kva ville du ha svart?

Læringsressursar

Yrke: Barne- og ungdomsarbeidar i barnehage