Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. YrkessituasjonarChevronRight
  4. Yrke: Barne- og ungdomsarbeidar i barnehageChevronRight
  5. Lag eit måltidChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Lag eit måltid

Om du skal lage mat til brukarar når du er på jobb, må du ofte samarbeide med fleire for å planleggje og gjennomføre måltidet. Bli einig med læraren om de skal samarbeide eller arbeide kvar for dykk i denne oppgåva.

Planlegg og lag formiddagsmat til ei gruppe menneske, for eksempel

  • i ein barnehage
  • på ein sjukeheim
  • i klassen på skolen

Slik arbeider du med ei open oppgåve

No kan de sjølve velje kva for kompetansemål de tek med, og kva for faglege tema de trekkjer inn. Jo fleire kompetansemål og tema, jo betre får de vist den heilskaplege kompetansen dykkar. De kan finne forslag til aktuelle kompetansemål og fagstoff i dei andre oppgåvene i denne yrkessituasjonen.

De skal

  • planleggje kva de skal gjere
  • gjennomføre oppgåva i tråd med planen
  • vurdere korleis det gjekk
  • dokumentere arbeidet med dokumentasjonsverktøyet under

Læringsressursar

Yrke: Barne- og ungdomsarbeidar i barnehage