Hopp til innhald

TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Handvask

«No må alle vaske hendene», seier Emil. Ungane stiller seg i kø og vaskar seg slik dei har lært. Emil hjelper dei minste. Medan dei vaskar, snakkar Emil med dei om kvifor det er så viktig å vaske hendene, og korleis dei må gjere det for at dei skal bli heilt reine.

Sjå videoen om handvask i barnehagen.

Handvask i barnehagen
  • Bruk smittekjeda for å forklare det som skjer i filmen.
  • Kvifor er det så mykje smitte i ein barnehage?
  • Korleis kan ein innarbeide gode rutinar for handhygiene?

Arbeid saman to og to. Éin spelar vaksen, og éin spelar barn. Snakk med kvarandre om handvask og hygiene. Byt roller.

Set saman nye lag på to personar. Den eine vaskar hendene, og den andre observerer handvasken og gir tilbakemeldingar på kva som er bra, og kva som kan gjerast betre.

Læringsressursar

Yrke: Barne- og ungdomsarbeidar i barnehage